Tomahawk på grillen

Tomahawk entrecôte på grillen med snakemetoden. Då kan du grille på lav temperatur over lang tid, det blir nydelig kjøtt 🥰💕

For å lage snake begynner du med å legge grillbriketter etterkvarande tett i tett rundt halve grillen.så legger dei ny attmed den du allerede har lagt. Så legger du ein runde oppå dei to andre. Sett fyr på nokre briketter og legg dei attmed enden av snaken. Då brenn den sakte fra den eine enden og heilt rundt. Viss ikkje dette var godt nok forklart så kan du sjå filmer på nettet som viser korleis du gjer dette.

  • Tomahawk entrecôte, beinet veger jo litt så eg steikte to stk men det hadde vert mat til 2-3  personer til 👍💕 tilsammen veide de 1,5 kg
  • Krydderblanding fekk eg fra Andreas Fleicher og det er enkelt. 3 ts pepper, 2 ts kvitløksgranulat eller to fedd kvitløk(eg brukte fedd) litt salt på slutten av steiketida.

Gni inn kjøttet med pepper og kvitløk.

Lag ein snake på grillen og legg kjøttet på. Saltet kjøttet rett før eg la det på direkte varme.

Grilla på lav varme i 4 timer. Dei siste ti min hadde eg kjøttet på direkte varme.

La kjøttet kvile 15-25 min før du skjærer i det.

Kjøttet var steikt medium/rare.

Veldig mørt og godt kjøtt.

Tilbehør:

  • steikt løk
  • Steikt sopp
  • Kokt brokkoli
  • Kvitløksdressing

PS:

Hadde mykje rester igjen av kjøttet. Skar det opp i biter og putta i fryseren. Dette blir god gryte ein anna dag.

0 kommentarer

Siste innlegg