Tomahawk entrecôte på grillen med snakemetoden. Då kan du grille på lav temperatur over lang tid, det blir nydelig kjøtt 🥰💕
For å lage snake begynner du med å legge grillbriketter etterkvarande tett i tett rundt halve grillen.så legger dei ny attmed den du allerede har lagt. Så legger du ein runde oppå dei to andre. Sett fyr på nokre briketter og legg dei attmed enden av snaken. Då brenn den sakte fra den eine enden og heilt rundt. Viss ikkje dette var godt nok forklart så kan du sjå filmer på nettet som viser korleis du gjer dette.
Tomahawk entrecôte, beinet veger jo litt så eg steikte to stk men det hadde vert mat til 2-3personer til 👍💕 tilsammen veide de 1,5 kg
Krydderblanding fekk eg fra Andreas Fleicher og det er enkelt. 3 ts pepper, 2 ts kvitløksgranulat eller to fedd kvitløk(eg brukte fedd) litt salt på slutten av steiketida.
Gni inn kjøttet med pepper og kvitløk.
Lag ein snake på grillen og legg kjøttet på. Saltet kjøttet rett før eg la det på direkte varme.
Grilla på lav varme i 4 timer. Dei siste ti min hadde eg kjøttet på direkte varme.
La kjøttet kvile 15-25 min før du skjærer i det.
Kjøttet var steikt medium/rare.
Veldig mørt og godt kjøtt.
Tilbehør:
steikt løk
Steikt sopp
Kokt brokkoli
Kvitløksdressing
PS:
Hadde mykje rester igjen av kjøttet. Skar det opp i biter og putta i fryseren. Dette blir god gryte ein anna dag.
Vossakorv er enkel og smakfull kvardagsmiddag 👍 eg serverte med frikkasesaus, gulrot og sommerkål.Nydelig middag
Vossakorv her rekner du 200-250 gr PR person.
2 ss kveitemjøl
2 ss margarin
7 dl kyllingkraft/buljong
2 dl fløyte
Salt og pepper.
Smelt margarin og ha i mjøl, spe med krafta til du får ein glatt fin saus.
Ha oppi pølsene og la det trekke 30 min.
Rett før servering, ha i fløyte.
Sommerkål
1 lite sommerkål
Skjær den i 4 og ha det i salta vatn. Ha i ein klatt med smør og kok til kålen er mør, men med bitemotstand. Det tar ikkje mange minuttene og koke dette.
Når barnebarnet mitt ville ha makroner til 17 mai🇳🇴 Ja då prøver besto å overvinne skrekken for makroner😍😍😂 Eg har brukt Sverre Sætre si oppskrift på makroner.
Mange fyll til makroner er med smør og det er ikkje eg så veldig glad i så her er fylla uten smør og med ferske bær, dette vart friskt og godt
130 gr mandelmjøl
170 gr melis
80 gr sukker
100 gr eggekviter
Bland melis og mandelmjøl i ein foodprocessor til eit fint mjøl. Sikt mjølet slik at det er heilt fritt for klumper.
Pisk eggekviter og sukker til marengs og vend inn mandelmjølet med ein slikkepott.
Røra skal ikkje være tjukk, da vil den ikkje renne fint utover. Er røra for tjukk så rør litt meir i den så blir den tynnere
Ha røra i ein sprøytepose. Sprøyt ut små rundinger på eit silikonmatte eller bakepapir. Ha litt mellomrom mellom makronene, dei sklir litt ut.
Når brettet er fullt så dunker du det litt i benken slik at makronene faller litt utover og blir glatte.
La dei tørke i 30 min
Steik på 130 grader 15-20 min
Avkjøl makronene på brettet.
Fyll
Bringebærfyll
100 gr bringebær
75 gr sukker
2 ts sitronsaft
1,5 ts gelatinpulver
Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
Mos sammen bringebær, sukker og sitron
Ha blandingen i ein kjele og kok opp
La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
Rør godt og sett til avkjøling
Bjørnebærfyll
100 gr bjørnebær
75 gr sukker
2 ts sitronsaft
1,5 ts gelatinpulver
Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
Mos sammen bjørnebær, sukker og sitron
Ha blandingen i ein kjele og kok opp
La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
Rør godt og sett til avkjøling
Dersom du lager fleire fyll så reduser mengden, det er nok med 100 gr bær til denne oppskrifta.🥰 eg lagde for mykje
Tips
Du kan farge makronene med gelefarge, pulverfarge eller frysetørre bringebær eller kakao.
Ein deilig marinade til grillinga di. Lager du denne i dag og legger kjøttet i, så får du nydelig grillmat i morgon. Kan brukes til alle typer kjøtt og sjømat.
Marinade
6 ss nøytral olje
1 ss Salt
1/2 Chilli fersk
1 Kinesisk kvitløk
1 ss raspa Ingefær fersk
Lag marinaden ferdig og legg kjøttet i ei skål. Slå marinaden over, la det stå minst 4 timer. Men natta over i kjøleskapet er allerbest
Knekkebrød, Laila Økland er enkelt å lage sjølv og det smaker heilt vidunderlig.
3,5 dl sammalt rug
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 del valnøtter
1 ts salt
Putt alle ingrediensene i ein kjøkkenmaskin
1ts honning
7 dl vann
Bland honningen saman med vannet og hell oppi saman med resten av blandingen og bland godt.
Ta deigen og fordel utover to steikebrett slik at dei fyller heile brettet. Sett i ovnen på 180 grader i ca 10 min. skjær de to store knekkebrødene i passe stykker med ein pizzaskjærer el.
Sett tilbake i ovnen og stek i 30 min.
Legg knekkebrødene på ei rist og sett dei inn i ovnen med døra open i ca 15 min, eller til dei er sprø