Blåbærsnurrer med alternativt sukker

Vaniljesnurrer med blåbær vart nydelig god kaffimat. Eg har laget desse med alternativt sukker og amerikanske blåbær, du kan sjølvsagt bruke dei bæra du har, bringebær er og godt.

Ca 20-30 stk

  • 50 GR gjær
  • 5 dl melk
  • 2 egg
  • 150 GR smør/margarin
  • 100 GR finesse bakesukker
  • 1/2 ts salt
  • 1 kg kveitemjøl

Varm melka til 37 grader og ha i gjæren, fersk eller tørr, ha den opp i bakemaskinen din. Tilsett det tørre og kjør maskinen i 10 min. ha smøret oppi litt etter litt, kjør i 10 min.

Hev til dobbel størrelse.

Fyll

  • 120 GR smør/Melange
  • 3 ts vaniljepulver
  • 3 ss finesse bakesukker
  • Blåbær 150-200 gr

Bland smør, sukker og vanilje lett saman i ei skål.

Bak ut eit rektangel som er ca 1-2 cm tjukt

Fordel smørblandingen på deigen. Ha på blåbær og rull saman og skjær i passe biter.

1 egg til pensling.

Etterhev i 30-40 min

Steik på 200 grader i 12-15 min eg brukte varmluft

0 kommentarer

Siste innlegg