Urtebrød med surdeig

 

Sakte baking igjen, dette er kjekt 💝 i dag lager eg eit lyst urtebrød som vart tilbehør til grillmaten. Serverte med deilig ramsløkpesto. Eg brukte ein grov starter så brødet vart ikkje heilt lyst.

FORDEIG

  • 100 gr surdeigstarter
  • 100 gr vatn
  • 100 gr fint mjøl
  • bland sammen og la det stå 4 timer på benken

HOVUDDEIG

  • 375 gr vatn
  • 500-600 gr fint mjøl
  • 1 ts salt
  • 3 dl oppkuttet ferske urter. Eg brukte ein blanding av: bladpersille, timian, oregano og

  • bland inn vatn i fordeigen tilsett mjølet litt etter litt.mjøl La det stå på benken i 1 time
  • Bland inn 1 ts salt og urter i deigen
  • La stå på benken 30 min. Strekk og brett deigen. Gjenta dette kvar 30 min 3-5 ganger til deigen er smidig
  • Forming. Ha deigen på på benken(strø mel på benken først) form deigen i ein sirkel der du stapper deigen under, gjer dette heile veien rundt. Skjøten blir altså ned. La deigen kvile på benken 25 min.
  • Forming: brett deigen inn mot midten heile vegen rundt. Ha i hevekurv med skjøten opp.
  • Hev ein time på benken
  • Sett til kaldheving i kjøleskapet 12-24 timer. Ha godt med mjøl i hevebolla/korga
  • Ta ut deigen fra kjøleskapet når du setter på ovnen
  • Sett ovnen på maks temperatur og sett inn ei støpejernsgryte. Det tar ca  2 timer før gryta er varm nok.
  • Ha litt mjøl på toppen. Kvelv deigen over på ein steikespade/pizzaspade. Snitt brødet.
  • Ta ut gryta og ha deigen oppi
  • Steik på 240 grader i 20 min med lokk
  • Steik på 230 grader i 20 min uten lokk

Fint surdeigsbrød

Eg prøver meg igjen på surdeigsbrød. I dag lagde eg eit brød med sikta kveitemjøl og brødet vart veldig godt.

DAG 1 på kvelden kl 22.30

Starter

Mat starteren din med 50 gr mjøl og samme mengde vatn. La den stå på benken til neste dag

Eg bruker 100 gr med starter.

Fordeig

  • 340 gr Vatn
  • 500 gr sikta kveitemjøl

La fordeigen stå på benken natta over. Dekk bolla med plastfilm og la den stå til neste dag

Dag 2 kl 10.00

Når fordeigen og starteren har stått å godgjort seg og starteren natta over

Bland sammen deigen, 16 gr salt og 100 gr surdeig. Kna den godt i nokre minutter. Eller bruk kjøkkenmaskin til å blande godt sammen

Dekk til bolla med plast og eit håndkle.

Kl 11.00

Brett deigen 4-6 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.

Når deigen er ferdigstrekt skal den være elastisk, nesten litt fettete

Kl 13.30

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, form til brød og la den kvile i 10 min.

Gjer klar hevekorga. dryss på godt med mjøl i korga. Ha i brødet du har formet og ha mjøl  i sidene og oppå deigen slik at det ikkje henger fast når du skal ha det over i det du skal steike det i.

La brødet heve natta over i kjøleskapet og steik neste dag. Eg dekka formen med eit håndkle og plast som var godt med mjøl på.

Satte i kjøleskapet kl 14.00

Dag 3 kl 9.30

Ha brødet oppi ei terrakottaform som er varm. Eg snitta brødet før eg tok det oppi forma.

Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig

250  grader i 30 min med lokk

230 grader i 10 min med lokk

230 ågrader uten lokk i 20-30 min

 

Surdeigsbrød med samalt kveite


Så var eg på surdeigskjøret igjen. I dag har eg laget eit brød med sikta kveitemjøl og samalt kveitemjøl. Dette må eg sei er det brødet som er mest vellykka. I morgon blir det ny baking med litt andre ingredienser og fremgangsmåte🥰

Oppskrift

  • 100 gr samalt kveite
  • 300 gr Sikta kveitemjøl
  • 340 gr Vatn
  • 16 gr Salt
  • 100 gr Starter av sikta kveitemjøl

Dag 1

Ta fram surdeigstarteren din og la den stå på benken natta over.

Dag 2

Mat starteren med 50 gr kveitemjøl og 50 gr vatn.

Autolyse 1-2 timer👇

  • 100 gr samalt kveitemjøl
  • 400 gr kveiteMjøl
  • 340 gr Vatn

Bland sammen og la det stå på benken 1-2 timer. Bland dette godt slik at det ikkje er noko mjøl igjen i bolla. Og sett tilside i 1-2 timer. Skriv kl slett på plasten du dekker til bolla med.

Bland sammen:👇

Ha i 100 gram fra starteren din og saltet. Bland det godt slik at alt saltet er godt blanda med deigen. Når du har blanda godt så jobbet du videre med deigen ved å ta hånda di under deigen og snur rundt og rundt og rundt. Dette gjer du til deigen er god og smidig. 5-10 min. Dette er for å opparbeide gluten i deigen.

Strekk og brett👇

Sett deigen tilside med plast over. Skriv på kl slett, du skal no strekke og brette kvart 30. Min. Strekk og dra i deigen, gjer dette heile veien rundt bolla og når du er komt rundt snur du deigen med brettekanten ned i bolla. Deigen skal være lett å dra opp og brette, dersom du ikkje klarer å strekke deigen så sett deigen i ro igjen og gjer eit nytt forsøk etter nye 30.min

Du gjentar dette kvart 30.min 4-6 gonger.

Forming av brødet:👇

Ha deigen på benken med mjøl på. Når du tar deigen ut av bolla skal den sida som er nederst i bolla vende ned mot bordet.

Strekk ut deigen og form brødet. Du bretter deigen sammen som ein konvolutt og strammer godt slik at brødet held forma. Legg bolla over og la den ligge nye 10 min.

Brett deigen igjen og legg deigen i hevekorga. Løft opp deigen og la den brette seg under deigen, gjer dette heile veien rundt. Stram deigen ved å snurre den rundt og rundt. Vær forsiktig så du ikkje slår lufta ut av deigen. Brettsiden skal være opp i korga

Dersom du ikkje har slik fancy korg så bruker ei bolle med eit håndkle oppi. Sett deigen til heving 12-16 timer. Skriv kl slett på plasten slik at du har kontroll på kor lenge den har stått til heving i kjøleskap.

Dag 3

Sett ovnen på 250 grader og sett inn forma/gryta sammen med lokket. La det stå minst 1/2 time

Ha frø i botn av gryta/ forma. Ha brødet forsikt oppi, med toppen ned i gryta. Lag snitt i brødet og dusje det med vatn, ta på lokket og sett inn i ovnen på nederste rille.

250  grader i 30 min med lokk

240 grader i 10 min med lokk

240 grader uten lokk i 20-30 min

Halvgrovt surdeigsbrød

Eg prøver meg igjen på grovt surdeigsbrød. I dag lagde eg eit som er halvgrovt.

DAG 1

Starter

Mat starteren din med 30/50 gr mjøl og samme mengde vatn. La den stå på benken 3-4 timer.

Eg bruker 150 gr med starter.

Fordeig

  • 340 gr Vatn
  • 250 gr sikta kveitemjøl
  • 250 gr samalt kveitemjøl finmalt

La fordeigen stå på benken 3-5 timer. Dekk bolla med plastfilm og eit kjøkkenhåndkle

Når fordeigen har stått å godgjort seg og starteren er dobla i størrelse.

Bland sammen deigen, 12 gr salt og 150 gr surdeig. Kna den godt i nokre minutter.

Dekk til bolla med plast og eit håndkle.

La deigen kvile i 3-5 timer.

Brett deigen 3-5 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.

Når deigen har kvilt ferdig skal den være elastisk, nesten litt fettete

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, form til brød og la den kvile i 10 min.

Gjer klar det du vil steike brødet i. Eg brukte ei brødform. Ha bakepapir i forma og dryss på godt med mjøl og frø i botn. Ha i brødet du har formet og ha mjøl og frø i sidene og oppå deigen slik at det ikkje henger fast når det er ferdigstekt.

La brødet heve natta over på benken og steik neste dag. Eg dekka formen med eit håndkle som var godt med mjøl på.

Dag 2

Hiv eit stort glass vatn inn i ovnen rett før du har brødet inni.

Steik i 30 min på 250  grader. Senk til 230 grader, steik videre i ca 35 min. Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig.

Surdeigsbrød med rug og bygg

 

Eg fortsetter å utforske surdeiguniverset😂 dette brødet er ned rug og bygg😇

DAG 1

Starter

Blanda inn rugmjøl og vatn i starteren og lot det stå på benken. Bruk et glass eller skål, dekk med plastfilm og la det stå på benken til det har hevet til dobbel størrelse. Dette tar nokre timer

Deig

  • 300 gr Vatn
  • 230 gr kveitemjøl
  • 140 gr sikta rugmjøl
  • 140 gr bygg

La fordeigen stå på benken 3-5 timer. Dekk bolla med plastfilm og eit kjøkkenhåndkle

Når fordeigen har stått å godgjort seg og starteren er dobla i størrelse.

Bland sammen deigen, saltet og surdeigen. Kna den godt i nokre minutter.

Dekk til bolla med plast og eit håndkle.

La deigen kvile i 3-5 timer.

Brett deigen 3-5 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.

Når deigen har kvilt ferdig skal den være elastisk, nesten litt fettete

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, la den kvile i 10 min.

Gjer klar ei bolle/korg til å heve deigen i. Ha godt med mjøl i bolla. Legg i deigen og legg eit kjøkkenhåndkle som du har dryssa mjøl på over brødet.

La det heve i kjøleskapet i 17 timer

Dag 2

Ta brødet ut av kjøleskapet, ha litt mjøl på benken og la deigen ligge i 30 min. Form til rundt eller avlangt brød, ha det oppi den forma du skal steike det i og hev videre til neste dag

Dag 3

Steik i 30 min på 240 grader. Senk til 230 grader, steik videre i ca 35 min. Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø. Stikk inn termometer, det skal vise 97-98 grader når brødet er ferdig.

 

Brødsticks

I mitt forsøk på å lage det perfekte surdeigsbrødet er det blitt mange brød som eg ikkje har kunne spist. Eg liker ikkje å kaste mat så denne loffen som eg lagde vart litt for fuktig inni og ikkje så god å spise. Men eg laget deilige brødsticks av den. Nydelig som snacks eller tilbehør til gryter og supper 🥰 Dette er ein perfekt måte å bruke opp gammelt brød på👍

Brødsticks

  • 1 surdeigsloff/ eller annet brød
  • 3 ss nøytral olje
  • 1 kinesisk kvitløk
  • Flaksalt
  • Sesamfrø

Skjær brødet opp i stenger som du legger i ei skål/ fat. Bland sammen olje og raspa kvitløk. Ha blandinga over brødet og legg dei på ei bakeplate dekket med bakepapir. Strø på salt og sesamfrø før du har dei i ovnen.

Steik på 200 grader i 15-25 min midt i ovnen. Eg brukte varmluft. Dersom du bruker vanlig øker du temperaturen med 10 grader. Sjekk at de er sprø før du tar de ut. Skal være litt brun på skorpa

Surdeigsbrød med rug

Her kjem mitt andre forsøk på surdeigsbrød. Her er det med rug og fibra og sikta kveitemjøl.

DAG 1

Starter

Blanda inn rugmjøl og vatn i starteren og lot det stå på benken. Bruk et glass eller skål(natta over)dekk med plastfilm

Deig

  • 280 gr Vatn
  • 230 gr kveitemjøl
  • 140 gr sikta rugmjøl
  • 140 gr fibramjøl

La fordeigen stå på benken natta over.  Dekk bolla med plastfilm og eit kjøkkenhåndkle

DAG 2

Bland sammen deigen og surdeigen på morgonen. Kna den godt i nokre minutter.

Dekk til bolla med plast og eit håndkle. La det stå på benken 1 time

Tilsett 10 gr vatn og 8 gr salt. La deigen kvile i 3-5 timer.

Brett deigen 3-5 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter.

Når deigen har kvilt ferdig skal den være elastisk, nesten litt fettete

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, la den kvile i 10 min. Deigen var ganske mjuk så bretta inn litt meir kveitemjøl før kviling av deigen. 1-2 dl ca.

Gjer klar ei bolle/korg til å heve deigen i. Ha godt med mjøl i bolla. Legg i deigen og legg eit kjøkkenhåndkle som du har dryssa mjøl på over brødet.

La det heve i ca tre timer. Ha brødet opp i ei form og dekk til med eit håndkle og sett i kjøleskapet til neste dag. Stod 12 timar

Dag 3

Ta brødet ut av kjøleskapet og la det heve i 2 timer på kjøkkenbenken.

Sett ovnen på 240 grader midt i ovnen.

Sett ei skål med vatn inn i ovnen for å skape damp, dette gir sprøere skorpe på brødet.

Steik i 30 min på 240 grader. Senk til 230 grader, steik videre i ca 35 min. Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø.

Surdeigsbrød nr 1.

Surdeigsbrød har lenge vert på planen min🥰 har den siste tida jobba med ein surdeigstarter og håper å komme i mål med denne. No er det slik at eg må ta vekk litt starter når eg mater den. Her prøvde eg meg på å mate litt av det eg tok vekk og laget et brød av det🤦‍♀️

DAG 1

Starter

Blanda inn rugmjøl og vatn i starteren og lot det stå på benken i 12 timer. Bruk et glass eller skål(natta over)dekk med plastfilm

 

Deig

  • 280 gr Vatn
  • 430 kveitemjøl

La fordeigen stå på benken natta over.  Dekk bolla med plastfilm og eit kjøkkenhåndkle

DAG 2

Bland sammen deigen og surdeigen på morgonen. Kna den godt i nokre minutter.

Dekk til bolla med plast og eit håndkle. La det stå på benken 1 time

Tilsett 10 gr vatn og 8 gr salt. La deigen kvile i 3-5 timer.

Brett deigen 3-5 ganger med 30-40 min intervall. Ta tak i den ei e sida av deigen og løft den opp og brett den over på andre sida, gjer dette rundt heile deigen. Ha vatn på hendene når du strekker og bretter

 

Når deigen har kvilt ferdig skal den være elastisk, nesten litt fettete

Ha godt med mjøl på benken og hell deigen over, la den kvile i 10 min.

Gjer klar ei bolle/korg til å heve deigen i. Ha godt med mjøl i bolla. Legg i deigen og legg eit kjøkkenhåndkle som du har dryssa mjøl på over brødet.

La det heve i ca tre timer

Sett gryta inn i ovnen uten lokk. Sett ovnen på 240 grader. Ha deigen over i gryta når den er ferdig heva.

Steik med lokk på i 30 min. Ta av lokket og senk til 230 grader, steik videre i ca 35 min. Brødet er ferdig når det kjem ein hul lyd når du banker på brødet. Skorpa skal være sprø.

Grov surdeigstarter

har lenge tenkt på å laga surdeigsbrød, men så var det den starteren då😂😂 eg er admis i ei matgruppe og det starta me prosjektet surdeig ilag. Så saman med to flotte damer laga me starter. Legger ut brødet litt seinere i dag eller i morgon🤩🤩

Dag 1

  • 75 gr sikta rug
  • 25 gr kveitemjøl
  • 1 ss salt
  • 2 dl lunka vatn

Dag 2.

Mat med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vann.

Dag 3

Mat med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn

Dag 4

Lite bobler mata med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld

Dag 5

Lite bobler mata med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld. Her holdt eg på å gi opp, men fortvil ikkje berre fortsett å mate.

Dag 6

Delte stareren i to, den var veldig stor blitt. Mata kvar del med 50 gr sikta rugmel og 1 dl vatn morgon og kveld. Mest bobler i eine glasset

Dag 7

Då hadde starteren vokst ut av glasset. Tok ein liten del av kvart glass og hadde dei oppi nye glass.

Mata kvar del med 50 gr sikta kveitemjøl(var tom for rug)og 1 dl vatn morgon og kveld. Mest bobler i eine glasset

Dag 8

Ta vekk mesteparten

mata med 50 gr kveitemjøl og 1 dl vatn på morgonen. På ettermiddagen tok eg bort halvparten av det som var i glasset og mata med 50 gr sammalt fin rug og 1 dl vatn.

Dag 9

Ta vekk mesteparten

Mata med 50 gr sammalt rug finmalt og 1 dl vatn  på morgonen. På kvelden tok eg bort mesteparten og mata på nytt

Dag 10

Tok vekk nesten alt før eg mata

Mata med 50 gr samalt rug finmalt og 1 dl vatn på morgonen. Tok flytetesten kl 14 og då fløt deigen. Satte starteren i kjøleskapet og den er klar til bruk.

Mat starteren din 1 gong i veka med 50 gr mjøl og 1 dl vatn