Matpakkebrød

 

Har lenge tenkt på å lage meg nokre deilige matpakkebrød. Det blir med som niste til jobben. Eg laget desse med mest lyst kveitemjøl og litt grovt mjøl. Dei vart perfekte 😍

  • 1,5l kveitemjøl
  • 0,5l grovt mhøl
  • 1 ts farin
  • 2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 4 dl melk
  • 2 dl vatn
  • 1 ts gjær til langheving eller 1 pk til kortare heving
  • 2 egg til deigen
  • 1 egg til pensling
  • 4 ss mjukt smør til å smøre på matpakkebrøda

Ha lunken melk og vatn i bakebolla og tilsett gjær. La det stå å 5 min slik at gjæren får begynne å virke. Tilsett salt, sukker og egga og bland godt. Så sper du med mjølet litt og litt til du får ein smidig deig. Kjør gjerne maskinen i 10-15

Hev til dobbel størrelse, ca ein time med mykje gjær elles tar det litt lenger tid. Eg bruker heveprogrammet på ovnen min.

Del deigen opp i 20 emner. Rull dei ut som ved rundstykker. Klem dei flate og kjevle til du får ein rund leiv. Smø på smøre og brett sammen.

Pensle med egg og har på frø.

Sett ovnen på 250 grader og skru ned til 220 når du set inn matpakkebrøda.

Eg bruker litt damp når eg steiker dei.

Dersom du ikkje har dampovn, hiv inn ein kopp med vatn når du set inn brettet.

Steik ca 12-14min

Chillisyltetøy

 

Chillisyltetøy har eg aldri prøvd før så det får eg nok til😂😂Eg har veldig mykje chili i drivhuset og måtte prøve å lage noko av det. Det var òg ein del tomater som var modne og måtte brukast. Då då vart det litt spicy syltetøy av det👍😍

  • 590 gr tomat
  • 10 Chilli
  • 2 kinesiske Kvitløk
  • 30-40 gr Ingefær
  • 750 gr Sukker
  • 1,5 dl Eddik
  • 3 ss Soyasaus

Kutt opp i små biter. Eg hadde frøa med i syltetøyet men om du vil ha det mildere tar du ut desse.

Ha alle ingrediensene oppi panna og kok opp. La det små koke i 1time til du har ein klissete masse. Kjør syltetøyet med stavmikser til ein jevn masse. Ha på reise glass og oppbevar kaldt og mørkt.

Eg fekk 4 små glass.

 

Fiskegrateng i store mengder til fryseren

 

 

Fiskegrateng er lurt å lage opp og ha i fryseren. Då har du enkle middager i lang tid🥰

Lailas mat – Mor Madsens fiskegrateng

Ovnsbakte grønnsaker med nakkekoteletter

 

 

Ovnsbakte grønnsaker med nakkekoteletter

  • 5 poteter
  • 5 cm purre
  • 150 gr kål
  • 150 gr sellerirot
  • 7,5 dl vatn
  • 1 cup oksefond
  • Salt, røkt paprika og kyllingkrydder
  • 4 koteletter
  • Salt
  • Røkt paprika
  • Kyllingkrydder

Kutt opp grønnsakene

Strø på krydder

Ha på oksefond som er løyst opp i vatn

Sett inn i ovn 200 grader steik i ca 10 min

før du legger koteletter over og setter inn igjen i ovnen. Steik videre i ca 30 min

Tørka grasløk

 

Tørka grasløk

Eg har ei stor grasløkplante i hagen. Tidlegare har eg kutta opp og fryst gressløken og det går heilt fint. I år ville eg prøva å tørka grasløk.

Eg kutta opp gressløken og kapp eit brett, inn i ovnen på tørkeprogram 50 grader. Gressløken var i ovnen i 19 timar og vart då heilt tørr👍

Mangoaioli

 

Mango aioli

Den eg har laget er med ferdig majones men du kan sjølvsagt lage heilt frå bunnen av. Den vart veldig god. Litt søt og spicy

  • 1 mango
  • 1 åk majones
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 1/2 sitron
  • 1/4 ts røkt paprika og cayenne pepper
  • 1/4 ts saltvog pepper
  • 1 ts brunt sukker

Ha alt i blender og miks til èin glatt masse

Jamaikansk herk krydder

 


Jamaicansk jerk krydder. For ei tid tilbake var eg på ein restaurant der me fekk nokon sjukt gode poteter og på dei var det jerk krydder. Det har eg ikkje fått tak i, så då prøver eg å lage det sjølv

  • 1 ss kvitløkspulver
  • 3 ts cajennrpepper
  • 2 ts løkpulver
  • 2 ts timian
  • 2 ts persille
  • 2 ts brunt sukker
  • 2 ts salt
  • 1 ts røkt paprika
  • 1 ts allehånde
  • 0,5 ts spisskummen
  • 0,5 ts svart pepper
  • 0,5 ts muskat fersk malt
  • 0,5 ts kanel

Bland alle ingrediensene og ha på eit tett glas👍

 

Middagsmeny veke 12

Søndag og tid for å planlegge middagsmeny for veka som kommer. Det er lurt å planlegge, og handler du for ei veke kan det og bli billigare🥰Eg kjører ein reprise på ein tidlegare meny 🤩

Veke 12

Lailas mat – Middagsmeny med baketips veke 12

Middagsmeny veke 6

Søndag og tid for å planlegge middagsmeny for veka kommer. Det er lurt å planlegge, handler du for ei veke kan det og bli billigare🥰 i dag deler eg ein middagsmeny eg har delt med dåke tidlegare 🥰

Veke 6

Lailas mat – Middagsmeny veke 6

Middagsmeny veke 5

 

 

Søndag og tid for å planlegge middagsmeny for veka kommer. Det er lurt å planlegge, handler du for ei veke kan det og bli billigare🥰 i dag deler eg ein middagsmeny eg har delt med dåke tidlegare 🥰

Veke 5

Lailas mat – Middagsmeny veke 5