Prosjektet drivhus og kjøkkenhage kjem seg. Det er ikkje alt som dr vellykka men då får eg prøve på ein Anna måte neste år. To av tomatplantene er det masse tomater på må berre få bli modne så blir dette bra. Dei to andre vart satt litt seint så desse får me sjå om kjem med tomater, men det er mange blomst på desse og. Snacks agurk har eg hausta lenge og mange fleire blir det. Chiliplanta er full i blomster og det er og komt mange chillier på denne. Sukkererter plantene fekk eg noko utøy på så dei måtte eg kasta men prøver på nytt neste år. Sitron busken har og gitt mange små sitroner og eg er spent på om eg klarer å overvintre denne, spennende🥰 ute har eg jordbær og det ser ut som dei kjem seg, dette er og satt seint så håper på masse jordbær neste år. Så har eg purre og salatløk og grasløk i den eine kassa. I ei kasse har eg salat, koriander mynte, oksalis og timian. Eg har plan om å lage urtesalt av nokon av urtene og kanskje smaksatt sukker av mynteplanta😀blir spennende dette, i tok eg inn to små tomater som var ferdig modne 🍅🍅Håper å kunne dele litt når eg skal lage ulike ting av det eg dyrker👍Legger ved bilder av prosessen med å lage drivhus og plantekasser🥰
Glutenfri banankake
Eg hadde nokon brune bananer igjen 😂😂😂Så då vart det kake til fredagskosen på jobb. Eg lager den uten laktose, egg og gluten. Kan lett gjerast sukkerfri og om du ynskjer det👍 Kaka blir saftig og kladdete inni på grunn av bananene og det er slik ho skal være😇
- 3 dl melk vanlig eller laktosefri
- 2 dl vatn
- 7,5 dl hvetemel eller 7,5 dl glutenfritt lyst mjøl
- 2 dl nøytral olje
- 2 ss eddik 7%
- 4 modne bananer
- 2,5 dl sukker eller ca 2 fl finesse bakesukker
- 2 ts kanel
- 2 ts ingefær
- 2 ts nellik
- 3 ts natron
Mos bananene og ha i krydder og natron. Bland i det våte og sikt inn mjølet. Rør til du har ei glatt røre. Den er ganske tynn men det skal den være så ikkje få panikk😂
Steik i 35-45 min på 200 grader på tredje rille i ovnen. Stikk ein pinne i kaka om det ikkje heng igjen deig er kaka ferdig. Om du bruker glutenfritt mjøl er det nok med ca 30-35 min. Med kveitemjøl treng du litt meir tid. Bruk ei lita langpanne.
Krem:
- 100 GR smelta blå Melange/ eller vanlig margarin/smør
- 250 GR vanlig melis eller melis av alternativt sukker
- 1 ss kakao
- 3 ts vaniljesukker
- 4 ss kaffi
Bland alt sammen og ha på kaka når den er kald 💕
Plommesyltetøy med rosiner og alternativt sukker
Eg hadde nokre mørke små litt sure plommer🥰Fant nokon tørre rosiner i skapet som eg heiv oppi så då er det sånn litt rotihop syltetøy 🥰🥰😂😂
- 1 kg plommer
- 1 dl vatn
- 2,5 dl finesse bakesukker eller 5 dl vanlig sukker
- 1 stjerneanis
- 1/2 pk certo
- 2 dl rosiner
Ha i vatn, anis og plommer som du har delt opp og tatt ut steinen. Tilsett sukker og kok til det er mørt. Eg kokte og litt rosiner som var blitt tørre og eg ville ikkje hive dei.
Når alt er mørt tilsetter du syltepulver.
Ha det varme syltetøyet over på reine glass og sett dei oppned i kjøleskapet.