Kjøttdeiggryte

Rester som blir gjort om til deilig gryte er både enkelt og er med å få ned matsvinnet. Eg er veldig glad i gryter så denne retten består litt av rester og litt anna eg fann i skuffer og skap👍😀😆

  • 1 pk karbonadedeig
  • Litt steikt bacon(150 gr)
  • 3 kokte gulrøtter
  • Tomater
  • Litt rester fra salsa 3 ss https://lailasmat.blogg.no/salsa.html
  • 1/2 ts sambal olek
  • Raspa ost 1/2 pakke
  • Salt og pepper
  • Vatn/ kjøttkraft
  • Ei håndfull med grasløk

Brun karbonadedeigen og ha i det ferdigstekte baconet. Ha på 2 dl vatn, restene fra salsaen og tomatene og la det koke i 15 min. Smak til med salt og pepper og tilsett osten og tør til den er løyst opp. Strø over grasløk rett før servering

Potetene

  • 6 poteter som eg hadde kokt til middagen dagen før
  • Olje til steiking
  • Krydre med salt og pepper

Skjær dei kokte potetene i små firkanter og friter dei til de er brune og sprø. Ha på salt og pepper med det samme dei er steikte. Eg brukte solsikke olje

Enkel pølsegryte

Pølsegryte til middag er både enkelt og godt. Her har eg brukt ei gryte som eg lager heile middagen i. Då er det ferdig middag uten mykje innsats, og lite oppvask😁

Dette er nok til 4 personer 2 voksne og to barn. Du kan lett få denne til å rekke til mange fleire. Tilsett berre meir pasta, og eventuelt litt frosne grønsaker.

  • 1 pk grillpølser, eller dei pølsene du ønsker
  • 8 dl Kjøttkraft/buljong
  • 1 glass tomatpuré
  • 2 ts brunt sukker
  • Ca 80-100 gr Pasta(vermicelli) desse var kutta opp i små biter og passer veldig fint i gryter då dei trenger kort koketid
  • 1 løk
  • 1 spisspaprika
  • 1 kinesisk kvitløk
  • Vårløk,2-3 stilker
  • 2 ss fetaost
  • Salt
  • Pepper
  • Chilliflakes ca 1 ts
  • 1-2 ss maizena og 1 dl vatn til å jevne gryta med.

Kutt opp pølser og alle grønsakene.

Ha litt smør/olje i gryta og ha oppi pølser, løk og kvitløk og steik til pølsene er gyldne.

Ha oppi tomatpuré og steik i 5 min. Tilsett sukker, paprika og kjøttkrafta. Smak til med salt, pepper og chilliflakes. Tilsett fetaost.

Når gryta har småkokt i 10-15 min tilsetter du pasta og vårløk og koker til pastaen er passe kokt dette tar ca 5 min. Jevn med maizena til du får gryta passe tjukk, bruk ca 1 dl vatn og 1-2 ss maizena😁

Server med godt brød og ein deilig salat🤩

Lys lapskaus

 

Lys lapskaus er ein av mine middagsfavoritter blandt mange😁 igår brukte eg røykt lammekjøtt i tillegg til masse gode grønsaker og byggris🤩

  • 1 kg lammekjøtt
  • 1/2 Purre
  • 6-8 Potet
  • 6 Gulrot
  • 1/2 Sellerirot
  • 1/4 Kålrot
  • Bygggryn( eg brukte 2 porsjons pk byggris)

Begynn med å skjære opp kjøttet i biter. Ha alt oppi ei gryte både beina og kjøttet og kok i 2 timer.

Ta ut beina før du tilsetter resten.

Kutt opp grønsaker i biter og ha det sammen med kjøttet. Ha oppi 1 pk byggris, eller byggryn som du har vatna ut natta over.

Kok dette til grønsakene og byggris er mørt.

Server gjerne med godt brød eller flatbrød.

Sosakjøtgryte(restemiddag)

God gryte av sosakjøtt rester. Hadde masse god saus og kjøt igjen så da vart det god gryte og enkel gryte på oss🥰

  • rester fra sosakjøt middag både kjøt og saus. Ca 1 l saus og 200 gr kjøt
  • 6 poteter
  • 3-4 gulrøtter
  • 1/2 purreløk
  • 200 gr kål

Kutt alt opp i litt Støre biter og ha i sausen. La det småkoke 1 time.

Tilsett 200 gr oppkuttet kål og videre til den er mjuk💕 ca 10-15 min

Sommersuppe

 

Sommersuppe med nokon av dei deilige norske  grønsakene som er i sesong no🥰💕

Oppskrifta er nok til 4 vaksne. Me har middag i to dager, suppa blir kjølt raskt med i vasken med vatn og isbiter.

  • 400 gr grilla ytrefilet av okse
  • 3 gulrøtter
  • 6 poteter
  • 1 nepe
  • 1 gul løk
  • 1/2 stor purreløk
  • 1 blomkål
  • Vatn
  • Salt

Kutt opp alle grønsakene og kjøttet i litt store biter. Legg blomkålen til side. Ha resten i ei gryte og fyll på med vatn. Småkok i 1 time. Ha blomkål i dei siste 10 minuttene. Smak til med salt og pepper.

Eg serverte suppa med flatbrød, men du kan og bruke brød.

Tips:

Om du har andre kjøttrester så kan du bruke det. Du kan og bruke pølse. Det er og mange andre gode grønsaker du kan bruke, men det var desse eg hadde i kjøleskapet i dag🥰😁

Amerikansk gryte

Amerikansk gryte på rester fra  grilling av oksekjøtt.

Satt igjen med ein del oksekjøtt som eg gjorde om til deilig gryterett. Denne lagde eg i crock pot men det går heilt fint å bruke ei gryte.

  • 350 gr oksekjøtt, ytrefilet kan og bruke karbonadedeig
  • 1 gul løk
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 2 dl jasminris
  • 1 rød paprika
  • 2 dl amerikansk blanding
  • 1 bx knuste tomater
  • 1 l vatn
  • 2 ss tomatpuré
  • 1 ss brunt sukker
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 ts kumin
  • 1 ss paprikapulver
  1. Brun kjøttet og legg på eit fat.
  2. Bland sammen krydderet og brun dette lett i panna. Tilsett tomatpuré, løk og kvitløk og fres i 3 minutter.
  3. Ha kjøttet i crock pot eller ei gryte. Ha i vatnet og krydderblandingen. Tilsett grønsaker og knuste tomater.
  4. Kok gryta i ca 1/2 time.
  5. Kok risen og tilsett denne i gryta rett før servering.
  6. Tilsett vatn i gryta om den er for tjukk

Restesuppe

Restesuppe på rester fra røkt svinekam. I tillegg fant eg noko litt slappe grønsaker i kjøleskapet som fikk være med i suppa. Hipp hipp hurra for å redusere matsvinnet🥰

  • 300 gr rester fra røkt svinekam
  • 4 store poteter
  • 2 gulrøtter
  • 2 skiver kålrot
  • 2 små løk
  • 150 gr kål
  • Vatn til det dekker ingrediensene
  • Salt og pepper

Kutt opp alle ingrediensene og kok i ca 1 time. Smak til med salt og pepper. Deilig suppe ferdig til middag.

Tips:

server gjerne litt brød til, dersom du har gammelt brød ha det i ovnen ei lita stund så blir det som nytt👍

Biffsnaddergryte


Restegryte med biffsnadder  av okse. Servert med varme rundstykker

  • 300 gr rester av kjøtt, løk og sopp
  • 2 sjarlottløk
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 3 ss ferske urter. Eg brukte ei blanding av basilikum, timian og koriander
  • 5 dl Vatn
  • Margarin
  • 5 dl frosne grønsaker
  • 2-3 ts buljong
  • 1 dl fløyte
  • 1-2 ss maizena til å jevne gryta med

Skjær opp sjarlottløk og kvitløk. Steik dei i margarin i 5 minutter før du har oppi biffrester. Slå over vatn og kok i 30 min. Dei siste 10 min har du i frosne grønsaker. Til slutt tilsetter du fløyte og maizena jevning.

Server med deilig potetstappe og rundstykker.

https://lailasmat.blogg.no/potetstappe.html

 

 

Fiskesuppe med asiatisk vri

Fiskesuppe med asiatisk vri. Eg laget ei deilig rekefond som vart base for denne suppa.

  • 400 gr torsk
  • 100-200 gr Reker
  • 2 l rekefond
  • 10 cm Purreløk
  • 1/3 Chilli
  • 4 Poteter
  • 2 skiver Sellerirot
  • 1 Sjarlottløk
  • 5 cm Ingefær fersk
  • 3 store gulrot
  • 1 kinesisk kvitløk
  • 2 dl fløyte

Kutt opp alle grønsakene og kok  i rekefond til dei er møre.

Mos med stavmikser. Smak til med sitron, salt og pepper.

Til slutt har du i fløyte

Damp fisken til den slipper beina.

Ha suppe i tallerken ha på fisk, reker, purre og chilli.

Rekefond

https://lailasmat.blogg.no/rekefond-med-asiatisk-vri.html

Tips:

Dersom ikkje suppa blir gul nok tilsett litt safran🥰

Brun lapskaus

Brun lapskaus. Eg hadde ein del brun saus igjen etter sosakjøtmiddag tidlegare i veka. Det var og litt kjøt igjen så da laget eg lapskaus med base i dette. Eg kokte det i crock pot, men du kan sjølvsagt koke i vanlig gryte💕💕

  • 5 dl brun saus
  • 150 gr Rester frå sosakjøt
  • 900 gr Pølser
  • 10 Poteter
  • 4 Gulrot
  • 4 stilker Selleri
  • 1 liten Kålrot
  • 1/2 Purreløk
  • 2 gul løk

Kutt alle ingrediensene i biter og legg i gryta eller crock pot sammen med den brune sausen. Kok til dette er mørt og server med flatbrød eller annet brød om du vil 🥰🥰

Det tok 30 min i crock pot på steam og high 

 

oppskrift på brun saus

https://lailasmat.blogg.no/brun-saus.html