Eplegele med hint av chilli

Eg har vert heldig å få mykje epler og då var det for å prøve meg på eplegele. Dette kan brukes på brød, som tilbehør til ost og kjeks eller tilbehør til brun saus. Det kan sikkert brukes til mykje anna og.  Dersom du vil ha den meir spicy så har du i meir chilli. No vart det ein fin chillismak sånn heilt bak i munnen.

  • 2,8 kg syrlige og smakfulle epler, eg brukte epler som eg fekk, veit ikkje kva dei heiter.
  • 8 dl vann
  • 400-500 g sukker per liter saft
  • Del eplene  i store biter, du har med alt både kjerner og skall og stilk
  • Kan smaksettes med chili, kanel, vaniljestang, sitron, rosmarin  eller mynte som skal trekke sammen med saftingen. Eg brukte 2 ts chilliflakes og 1 vaniljestang
  • Eventuelt pektin om du ikkje får det stivt

Del eplene i båtar og legg i ein stor kjele med både skrott, alt skal være med. Ha i det du ønsker av smak  og vatnet og kok opp. La småkoke på låg varme i ca. 1 times tid, til epla har mista fargen og kokt saman litt og du ser at vatnet i kjelen har fått ein frisk farge frå epla. Hell epleblandinga gjennom eit dørslag med klede eller gassklut  over og sil av all eplesafta ned i ein rein bolle. Lat det gjerne stå slik og renne av seg i 3-4 timar eller også til neste dag.

Mål opp den ferdige eplesafta i eit litermål og ha det over i ein stor kjele saman med nokre dråpar sitronsaft. Tilsett ca. 450-500 g sukker pr. liter saft du sitt att med. Gi det eit forsiktig oppkok og la det småputre i ca. 10-15 minutt. For å sjekke om geleen er stiv kan du ta ein dråpe saft på eit lite fat som du setter i kjøleskapet nokre minutter og sjekk om geleen er stivna. Dersom gelèen framleis ikkje er stiv kokar du safta vidare og gjentek testen igjen. Har du problemer med å få gelèen til å stivne kan du tilsetje litt fruktpektin etter anvisning på pakken. Når gelèen er klar heller du væska over på reine og sterile glas. Lat det avkjøle seg på kjøkkenbenken før du sett det kjølig til oppbevaring.

Jorbærsyltetøy

Jordbær hører sommeren til. Eg kjøper alltid jordbær som eg lager frysetøy av. Dette har me på brød og det nytes ofte halvfrosset. Veldig godt. Dette er superenkelt å lage, det som tar tid er å rense bæra.

  • 2 kg bær
  • 0,5-1 kg sukker, eg brukte 0,5 kg
  • 1 pose jam frysepulver

Rens bæra og mos dei med ein stavmikser. Du får ei rennende røre, men når det har vert frosset og tatt opp igjen så tjukner det🍓🍓🍓Ha frysetøyet på glass og frys. Eg brukte små tomatpuré glass å fryse i.

Ramsløkmajones

 

Ramsløken står flott og fin rundt om i landet no. Av den kan du lage mykje godt. Her har eg laget ramsløkmajones. Eg brukte ei oppskrift på kvitløksmajones som eg laget tidlegare og så byttet eg ut kvitløk med ramsløk🤩 nydelig godt ble det.

Oppskrift på majones:

https://lailasmat.blogg.no/kvitloksmajones.html

Lag majones  og tilsett to ss av denne deilige ramsløkpureen så får du deilig majones 🤩

https://lailasmat.blogg.no/ramslokpure.html

Ramsløkpure

No er det midt i rasløksesongen. Så dersom du er heldig og har tilgong til denne herligheten så er det mykje godt å lage med ramsløk. Du kan bruke ramsløk der du ville brukt kvitløk og elles er det berre fantasien som stopper deg.

Ramsløkpure

  • 50 blader av ramslø
  • 2 dl olivenolje
  • 1 ts salt
  • 2 ts sitron

Kjør dette i blender å ha på tett glass.

Tips:

Vakumer fersk ramsløk i porsjonspakker. Putt i fryseren og du har fersk ramsløk heile året

Blåbærsyltetøy

Blåbærsyltetøy er et av dei beste syltetøya etter mi meining💕 av og til har de skogsblåbær i butikken og da nytter eg muligheten til  å lage deilig frysetøy som eg kan nyte utover vinteren 🤩

  • 2 kg blåbær
  • 1 kg Sukker
  • 1 1/2 pk frysepulver

Ha bæra i bolla til kjøkkenmaskinen og tilsett sukker og frysepulver.

Eg rører til alt er godt blanda, men ønsker ikkje at bæra skal bli heilt knuste 👍🥰ha syltetøyet på glass/bokser og ha det i fryseren👍💕

Pinnekjøtt


Pinnekjøtt er for meg den ultimate julemiddagen🎄 Eg salter og tørker pinnekjøttet mitt sjølv. Kjøttet er kjøpt fra ein lokal bonde.
Min måte å tilberede kjøttet på er heilt ordinært slik eg har gjort det i alle år.

 

Beregne 500 gr kjøtt PR person.

vatne kjøttet natta over ca 6-9 timer.

Damp kjøttet over rist/pinner/poteter til kjøttet slipper beinet. Det tok 3 timer denne gangen.

 

Kålrotstappe

  • 2 små Kålrot
  • 2 Poteter
  • 1-2 Gulrøtter 
  • 1-2 ss Melange blå
  • Salt
  • Pepper
  • Muskat
  • 2 dl fløyte
  • 1-2 dl kraft fra kjøttet

Kok grønsakene mør. Ha i 1 ss melange og 1-2 dl fløyte og kraft fra kjøttet til stappa er passe tjukk. Du trenger ikkje ha i mjøl då potetene jevner stappa.

 

 

Har lagt ved link til korleis eg gjer det når eg salter og tørker kjøttet.

https://lailasmat.blogg.no/salting-og-torking-av-pinnekjott-fenalar.html

Rørte bringebær

 

Rørt bringebærsyltetøy er sommerlykke. Deilig og veldig enkelt pålegg til brødskiva eller på nysteikte vafler. Dersom lager mykje og vil oppbevare det utover vinteren då kan du ha i frysepulver.

  • 1 korg bringebær
  • 1 dl sukker

Rør sammen og nyt på brød eller vafler.

Ramsløksnurrer

 

 

Ramsløksnurrer

  • Ca 1 1/2-2 l kveitemjøl
  • 1 ss farin
  • 2 dl melk
  • 4 dl vatn
  • 2 egg
  • 1 pk gjær
  • 50. gr melange
  • 3 blad med ramsløk finkutta

varm opp melk og vatn til fingervarmt og ha i bakebolla på maskinen. tilsett gjær og ramsløken. Tilsett mjølet og elt. Ha i melange og elt til alt er godt blanda, elt videre 10-15 min.

  • Forhev i ein time.

Fyll:

  • 4 ss ramsløksmør
  • 150 gr ost. Her bruker du den osten du er glad i.

bland dette og smør på leiven før du ruller sammen deigen og skjærer opp.

  • Etterhev i 30-40 min. pensle med egg og strø på salt før du steiker
  • Steik 225 grader i ca 12 min