Gjærbakst er ein av mine favoritter. Søt gjærbakst med alternativt sukker denne gangen. Dette er ei grunnoppskrift som du kan bruke til kanelsnurrer, boller og kringle.
Denne gangen delte eg deigen i tre og laget litt snurrer, litt vanlige boller og litt rosinboller 🥰digg
Deigen gir deg ca 27 boller
Søt gjærdeig
4 egg
75 gr finesse bakesukker eller 150 gr farin
200 gr melange/smør eller melkefritt
5 dl melk laktosefri eller vanlig melk
1 ts gjær eg brukte tørrgjær. For raskare heving bruker du 1 pk gjær
1 ts kardemomme
1/2 ts salt
1 1/2-2 l kveitemjøl
Visp eggedosis av egg og sukker. Bland i den varme melka og ha i det tørre litt etter litt. ha i smøret i terninger og elt i 10-15 min etter at smøret er blanda i mjølet.
Forhev til dobbel størrelse. Dersom du bruker alternativt sukker tar hevinga litt lenger tid, gi ikkje opp dei hever til slutt.
Fyll til kanelsnurrer
100 gr mjukt smør/melange laktosefritt
Bak ut ein rektangel og ha på mjukt smør, sukker og kanel. Rull ei pølse og skjær opp i passe bollestørrelser.
Etterhev ca 45-60 min
steik på 200 grader i ca 12 min
Tips:
Du kan og ha i rosiner eller lage vanlige boller.
Dei er fine å fryse, når du tar opp sett ovnen på 150 grader og pakk bollane inn i eit fuktig håndkle det tar ca 15-20 min å tine dei. Blir som nysteikte. Dersom dei er tinte så gjer du samme prosedyre men då held det med 10 min
Eplekake i stor langpanne. Denne er laget med norske epler frå svigermor sin hage, alternativt sukker, glutenfritt mjøl og laktosefritt. Kaka vart tatt med på jobb og godt mottatt🤣🥰
500 gr mjukt smør/Melange eg brukte melkefritt
150 gr finesse bakesukker eller 300 gr farin
100 gr Sukkr gull eller 200 gr vanlig brunt sukker
400 gr glutenfritt mjøl(Toro lys kakemiks)eller 500 gr kveitemjøl
8 egg
2 ts vaniljepulver
14 gr bakepulver
1 dl melk med eller uten laktose
5-7 epler, alt etter kor store dei er.
Kanel og sukker eg brukte finesse bakesukker. Her strør eg berre over kaka, målte ikkje opp.
Framgongsmåte
sett ovnen på 180 grader over og undervarme
Rør smør og sukker kvitt
Ha i eit og eit egg, rør godt
Sikt i det tørre og rør til du har ei gjevn røre
Ha røra i ei stor langpanne, eg brukte den til steikovnen
Legg på eplene som du har kutta opp i små tynne båter
Strø over kanel og sukker
Sett kaka midt i ovnen
Steik i ca 30-40 min.
Tips:
Kutt opp valnøtter og strø over kaka før steiking.
Eller du kan lage makronfyll å ha på toppen.
Begge deler er godt, men det er og veldig godt akkurat slik eg har laga den. Server med fløyte eller is, nydelig 👏