Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 du får også baketips frå meg. Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰
Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 du får også baketips frå meg. Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰
Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 du får også baketips frå meg. Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt. 🥰
Eg berre elsker gjærbakst og her har eg laget deilige kanelstenger med eple 🍎🍏
Eg har brukt laktosefrie produkter, men du bruker dei melkeprodukta du vanligvis bruker.
Eg fekk 2 stenger av denne oppskrifta
DEIGEN:
1 pk gjær tørr eller fersk
3 dl melk
2 dl vaniljeyoghurt
300 GR Melange/smør
160 GR sukker
1/2 ts salt
700-800 gr kveitemjøl
Varm melka til 37 grader og ha i gjæren, fersk eller tørr. ha den opp i bakemaskinen din. Tilsett det tørre og kjør maskinen i 10 min. ha smøret oppi litt etter litt, kjør i 10 min til.
Hev til dobbel størrelse.
Fremgansmåte.
Del deigen i to og bak ut to rektangulære stenger.
Har på smørblanding og strø på eplene i midten av stanga.
Brett inn sidene på stengene og pendle med egg og strø på perlesukker.
Fyll
120 GR Melange/smør
3 ts kanel
2 ss sukker
Bland dette lett saman i ei skål. Smøret må være mjukt. Smør det utover stengene og strø på eplene.
Rundstykker er alltid ein slager på koldtbordet💝 både lyse og grove er godt. Desse laget eg veldig mykje på 80 talet🤣🤣 har gjort nokon små endringer, men like gode er dei.Her er det lyse rundstykker. Laget til 40 års feiring av dotter mi🎉🎉🎉🎉
Vart 23 stk, ca 85 gr pr stk
Ingredienser:
1 kg kveitemjøl
100 gr smør/Melange
4 dl melk
3 dl vatn
1 egg
2 ts salt
2 ts sukker
50 gr gjær, fersk eller tørr. Eg bruker tørr
Varm melka og ha i vatn. Slå det over i bolla til kjøkkenmaskinen.
Når veska er 37 grader blander du inn egget og det tørre. Hold av litt mjøl.
Kutt opp smøret i terninger og ha i ein og ein terning mens maskinen går.
La deigen elte i 15 min. Deigen skal være smidig, men ikkje klissete. Fyll på med mjøl til deigen er mjuk og god å jobbe med
Hev deigen til dobbel størrelse
Sett ovnen på 180 grader varmluft
Trill ut rundstykker og legg på eit brett.
Hev i ca 30-40 min. Pensle med egg og ha på valmuefrø.
Steik til rundstykkene er gylnde dette tar ca 15 min
Til 17 mai så kjøpte me tapas fra Marinaden. Der var det deilig gulrotmarmelade med chilli. Her har eg prøvd å gjenskape dette deilige tilbehøret.Det er og godt med sitron i, men det kunne eg ikkje bruke i dag pga av allergi💝
INGREDIENSER
1/2 kg gulrot
2 ts fersk ingefær
1/2-1 fersk chilli
1,5 dl vatn
500 gr sukker
Framgongsmåte
1. Finriv gulrot og kutt opp chilli
2. Ha gulrot og chilli i ein kjele
3. Skrell ingefærrot og riv den fint.
4. Ha ingefær i kjelen. Bland i vann og sukker og la marmeladen koke uten lokk til den tjukner (ca 1 time).
5. Hell den varme marmeladen på reineglas og oppbevar den kjølig.
Eg lager min frikasse med sursøt saus. Min mann vil ha sin saus uten eddik og sukker. Så difor blir det alltid to sauser hos meg når me har frikasse.
Slik gjer du:
1 kg kjekjøt
2-3 liter lettsaltet vatn
Det grønne på ein purre
Kok i to timer
Saus:
3 ss Melange smelta
3 ss hvmel ha i smøret
Spe med kjøttkraft til du har ein fin saus 1,2 l ca
Smak til med7% eddik og sukker salt og pepper. Like deler sukker og ein del eddik.
Kok gulrøtter, kålrot og poteter og server ved siden av. Eg koker det i dampovnen, veit at mange koker grønnsakene i lag med kjøttet eg har de ved siden av.
Eg har vert heldig å få mykje epler og då var det for å prøve meg på eplegele. Dette kan brukes på brød, som tilbehør til ost og kjeks eller tilbehør til brun saus. Det kan sikkert brukes til mykje anna og.Dersom du vil ha den meir spicy så har du i meir chilli. No vart det ein fin chillismak sånn heilt bak i munnen.
2,8 kg syrlige og smakfulle epler, eg brukte epler som eg fekk, veit ikkje kva dei heiter.
8 dl vann
400-500 g sukker per liter saft
Del eplenei store biter, du har med alt både kjerner og skall og stilk
Kan smaksettes med chili, kanel, vaniljestang, sitron, rosmarineller mynte som skal trekke sammen med saftingen. Eg brukte 2 ts chilliflakes og 1 vaniljestang
Eventuelt pektin om du ikkje får det stivt
Del eplene i båtar og legg i ein stor kjele med både skrott, alt skal være med. Ha i det du ønsker av smakog vatnet og kok opp. La småkoke på låg varme i ca. 1 times tid, til epla har mista fargen og kokt saman litt og du ser at vatnet i kjelen har fått ein frisk farge frå epla. Hell epleblandinga gjennom eit dørslag med klede eller gassklutover og sil av all eplesafta ned i ein rein bolle. Lat det gjerne stå slik og renne av seg i 3-4 timar eller også til neste dag.
Mål opp den ferdige eplesafta i eit litermål og ha det over i ein stor kjele saman med nokre dråpar sitronsaft. Tilsett ca. 450-500 g sukker pr. liter saft du sitt att med. Gi det eit forsiktig oppkok og la det småputre i ca. 10-15 minutt. For å sjekke om geleen er stiv kan du ta ein dråpe saft på eit lite fat som du setter i kjøleskapet nokre minutter og sjekk om geleen er stivna. Dersom gelèen framleis ikkje er stiv kokar du safta vidare og gjentek testen igjen. Har du problemer med å få gelèen til å stivne kan du tilsetje litt fruktpektin etter anvisning på pakken. Når gelèen er klar heller du væska over på reine og sterile glas. Lat det avkjøle seg på kjøkkenbenken før du sett det kjølig til oppbevaring.
Planlegg middagen din for heile veka så blir det ein lek å lage middag💕 du får også baketips frå meg. Handler du for heile veka så sparer du både tid og penger og det er jo lurt.🥰