Banankake med tre fyll og alternativt sukker

Banankake har eg laget i ulike varianter. Satt og kikka gjennom den gamle kokeboka mi der eg har skive inn oppskrifter og kom over denne🥰😁eg har gjort nokon justeringer her ved å erstatter sukker med sukkererstatning

  • 3 moste bananer
  • 1 dl Finesse bakesukker
  • 2 dl smelta smør
  • Ca 5 dl kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljepulver
  • 3 egg

Mos bananer og bland inn alt det våte.

Ha i det tørre og rør til du har ei jevn røre.

Ha røra i tre runde former på 18 cm

Sett ovnen på 180 grader og steik på varmluft  i 20 min.

Fyll 1

  • 1 dl matfløyel eller vanlig fløyte
  • 1 most banan
  • 1/2 ts vaniljepulver

Rør fløyten og ha i moste bananer

Fyll 2

  • 100 gr smør
  • 50 gr finesse bakesukker
  • 50 gr sukkerfri kvit sjokolade
  • 50 gr sukkerfri mørk/lys sjokolade
  • 1 egg

Visp sammen smør og melis til ein lys og lett smørkrem.

Smelt sjokoladen over vannbad og avkjøl litt før du blander inn i smørkremen.

Bland til slutt inn 1 egg

Fyll 3

  • Sjokolademousse fra monster, følg anvisning på pakken

Montering:

  • Legg den eine bunnen på eit fat.
  • Ha på fyll nr 1
  • Legg på den andre bunnen og ha på fyll nr 2
  • Legg på den siste bunnen og ha på fyll 3

Søt gjærbakst med alternativt sukker

 

Gjærbakst er ein av mine favoritter. Søt gjærbakst med alternativt sukker denne gangen. Dette er ei grunnoppskrift som du kan bruke til kanelsnurrer, boller og kringle.

Denne gangen delte eg deigen i tre og laget litt snurrer, litt vanlige boller og litt rosinboller 🥰digg

Deigen gir deg ca 27 boller

Søt gjærdeig

  • 4 egg
  • 75 gr finesse bakesukker eller 150 gr farin
  • 200 gr melange/smør eller melkefritt
  • 5 dl melk laktosefri eller vanlig melk
  • 1 ts gjær eg brukte tørrgjær. For raskare heving bruker du 1 pk gjær
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 ts salt
  • 1 1/2-2 l kveitemjøl
  • Visp eggedosis av egg og sukker. Bland i den varme melka og ha i det tørre litt etter litt. ha i smøret i terninger og elt i 10-15 min etter at smøret er blanda i mjølet.
  • Forhev til dobbel størrelse. Dersom du bruker alternativt sukker tar hevinga litt lenger tid, gi ikkje opp dei hever til slutt.

Fyll til kanelsnurrer

  • 100 gr mjukt smør/melange laktosefritt
  • Bak ut ein rektangel og ha på mjukt smør, sukker og kanel. Rull ei pølse og skjær opp i passe bollestørrelser.
  • Etterhev ca 45-60 min
  • steik på 200 grader i ca 12 min

Tips:

Du kan og ha i rosiner eller lage vanlige boller.

Dei er fine å fryse, når du tar opp sett ovnen på 150 grader og pakk bollane inn i eit fuktig håndkle det tar ca 15-20 min å tine dei. Blir som nysteikte. Dersom dei er tinte så gjer du samme prosedyre men då held det med 10 min

Eplekake i langpanne, glutenfri med alternativt sukker

 

Eplekake i stor langpanne. Denne er laget med norske epler frå svigermor sin hage, alternativt sukker, glutenfritt mjøl og laktosefritt. Kaka vart tatt med på jobb og godt mottatt🤣🥰

  • 500 gr mjukt smør/Melange eg brukte melkefritt
  • 150 gr finesse bakesukker eller 300 gr farin
  • 100 gr Sukkr gull eller 200 gr vanlig brunt sukker
  • 400 gr glutenfritt mjøl(Toro lys kakemiks)eller 500 gr kveitemjøl
  • 8 egg
  • 2 ts vaniljepulver
  • 14 gr bakepulver
  • 1 dl melk med eller uten laktose

5-7 epler, alt etter kor store dei er.

Kanel og sukker eg brukte finesse bakesukker. Her strør eg berre over kaka, målte ikkje opp.

Framgongsmåte

  • sett ovnen på 180 grader over og undervarme
  • Rør smør og sukker kvitt
  • Ha i eit og eit egg, rør godt
  • Sikt i det tørre og rør til du har ei gjevn røre
  • Ha røra i ei stor langpanne, eg brukte den til steikovnen
  • Legg på eplene som du har kutta opp i små tynne båter
  • Strø over kanel og sukker
  • Sett kaka midt i ovnen
  • Steik i ca 30-40 min.

Tips:

Kutt opp valnøtter og strø over kaka før steiking.

Eller du kan lage makronfyll å ha på toppen.

Begge deler er godt, men det er og veldig godt akkurat slik eg har laga den. Server med fløyte eller is, nydelig 👏

Gode gammeldagse lapper med alternativt sukker

Gode gammeldagse lapper. Eg har lagt ut    fleire oppskrifter på lapper både med banan og uten, med og uten grovt mjøl. Desse er nesten akkurat slik eg lagde de på 80 talet, med eit lite unntak. Dei er laga med alternativt sukker du kan sjølvsagt lage de med vanlig sukker🥞🥞🥞🥞🥞

  • 1 l kefirmelk
  • 8-10 dl Kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts Hjortesalt
  • 1 dl Finesse bakesukker eller 2 dl vanlig sukker om du vil
  • 4 egg
  • 1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

Bland saman alle våte ingredienser før du blander inn det tørre.

La røra stå 20-30 min før du steiker. Her kan du bruke ei steikepanne eller takka om du har det. Eg steiker på lav varme slik at dei blir gjennomsteikt.

Eg serverte med rørte bringebær og blåbær. Knuste de lett å blanda inn 1 ss finesse bakesukker. Deilig kaffimat🎉

 

Jordbær med varm sjokolade

 

Enkel lørdagskos med norske jordbær, deilig varm sjokolade og vispa krem. Dette er vanvittig godt, du kan også bruke andre bær og frukt om du vil🥰

  • jordbær
  • Kvit sukkerfri sjokolade
  • Sukkerfri lys sjokolade
  • Delfiafett
  • Gryr matfløyel eller vanlig krem
  • Vaniljepulver
  • Finesse bakesukker

Rens bæra og ha de i ei fin skål.

Smelt sjokolade saman med 1 ss Delfiafett over vannbad.

Visp fløyten saman med sukker og 1/2 ts vaniljepulver

Så er det bare å hive innpå 🍓🍓🍓🍓

Deilig glutenfri sjokoladekake med alternativt sukker

Deilig sjokoladekake med nydelig sjokoladekrem med fløyte🥰Du kan lage den glutenfri, med alternativt sukker eller med vanlig mjøl, raffinert sukker.😇Eg laget kaka med alternativt sukker, glutenfritt mjøl og med sukkerfri sjokolade.

Kakebotn:

  • 100 gr finesse bakesukker eller 200 gr med vanlig sukker
  • 50 gr Sukkr gull eller vanlig brunt sukker
  • 60 gr kakao
  • 300 gr kveitemjøl eller 250 gr glutenfritt mjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljepulver
  • 1/4 ts salt
  • 4 egg
  • 150 ml olje
  • 2 dl rømme
  • 3 dl melk

Rør saman alle dei tørre ingrediensene i ei skål.

Bland i alle dei våte ingrediensene.

Bland det tørre og det våte saman og ha det i ei form som er 13,5 *9,5 cm eg brukte ei ildfast skål

Sett ovnen på 175 grader.

Steik kaka i ca 30-40 min, kjenn med ein kakepinne, når den er rein er kaks ferdig.

La kaka kjøle seg heilt ned før du har på kremen.

Legg eit handkle over kaka slik at fuktigheten blir verande i kaka.

Dersom du ynskjer ekstra fuktighet så kan du stikke hull i kaka og ha på melk blanda med litt kakao eller juice/brus etter smak

Krem

  • 3 dl gryr matfløyel(kan og bruke vanlig fløyte)
  • 100 gr mørk sukkerfri sjokolade
  • 100 gr lys sukkerfri sjokolade

Kok opp fløyten. Ha oppi sjokoladen og la det stå til sjokoladen er smelta. La blandingen kjøle seg heilt ned før du visper den til du får ein luftig og lys krem.

Bre kremen over kaka og strø på litt pynt. Eg brukte små sukkerfri sjokoladeknapper. Desse smaker som   smarties men er sukkerfrie.

Glutenfri brownie saftig og god

 

Brownie er alltid ein slager. Her har eg prøvd meg på ein variant med sukkererstatning og sukkerfri sjokolade, og glutenfritt mjøl. 🥰Hadde og i kvite sjokoladedråper🥰Dette vart ein skikkelig god fredagskos på jobben👍

Ingredienser:

  • 6 store egg eller 8 små
  • 360 gr finesse bakesukker
  • 500 gr smør
  • 200 gr glutenfritt mjøl. Kan og bytte it med kveitemjøl. Eg brukte Toro lys
  • 1 ts vaniljepulver
  • 70 gr kakaopulver
  • 150 gr mørk sukkerfri sjokolade eg brukte monster sin
  • 150 gr lys sukkerfri sjokolade
  • 100 gr sukkerfri kvit sjokoladedråper

Framgongsmåte røra

  • Ha alt det tørre i en bolle og røre rundt, bruk kjøkkenmaskin om du ynskjer.
  • Smelt smøret og ha den mørke og lyse sjokoladen oppi. Bland det sammen med det tørre
  • Ha i ett og ett egg og røre til du får ei glatt  røre.
  • Strø  forsiktig den kvite sjokoladen over røra

Montering av kaka før steiking

  • Hell røra over i ei bakeform på som du har lagt bakepapir i botn på. Str på forma er 35*25 cm form. Strø på den kvite sjokoladen
  • Sett ovnen på 160 grader varmluft og steik ca 15-20 min. Den skal ikkje være gjennomsteikt.

TIPS:

La avkjøle godt før du deler opp.

Om du bruker vanlig farin dobler du sukkermengden i forhold til finesse bakesukker.

Dersom du ønsker ei mørkare kake kan du bruke kun mørk sjokolade.

Server gjerne med vispa fløyte, is og ferske bær.

BBQ saus med alternativ søtning

Bbq saus til spareribs og grillbein. Det er ikkje lett å få tak i kjøtt som ikkje er marinert her på Bømlo🥰Men så kom eg på at det er ein butikk på Stord med slakter. Eg tok meg ein tur og kjøpte inn både spareribs og grillbein. Eg har prøvd meg på ein bbq saus med alternativ søtning, den var supergod.

  • 2,5 dl ketchup uten sukker
  • 1,25 dl eplesidereddik
  • 2 ss vatn
  • 2 ts Sukkr gold
  • 0,6 dl monster sirup
  • 2 ts sitronsaft
  • Chilliflakes 1 ts
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 ts smoked paprika
  • 1/4 ts kvitløk eg brukte fersk
  • 2 -4 ts chicken og steak krydder santa Maria sitt krydder

Rør alt sammen i ei panne og kok i 10 min.

Kan oppbevares 1 veke i kjøleskapet, kan og fryses i porsjoner 🥰

 

Frukostlapper med alternativ søtning

 

 

Frukostlapper er deilig til helgefrokosten eller som kos til kaffen. Dette er ein av mannen sine favoritter til til frokosten. I dag bytta eg søtning til sukrin karamell sirup. Dersom du ynskjer ein sunnere variant bytter du ut mjølet med ein grovere sort eller havremjøl 👍

  • 3 dl rømme
  • 2 dl melk
  • 2 egg
  • 1 ss  sukrin karamell sirup
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 ts vaniljepulver
  • Smør til steiking

 

Bland sammen rømme, melk og egg.

bland alt det tørre i ei skål og spe litt og litt til du får ei tjukk røre.
la det svelle 10 min før du steiker på svak varme til dei blir lysebrune.

 

server med syltetøy, sukker, lønnesirup, bær, frukt🥰 her er det berre fantasien som stopper deg

Bananpannekaker ala Thailand

Bananpannekake får me til dessert når me er i Thailand. Her har eg laget min versjon av denne. Eg hadde to brune bananer som eg hadde i deigen. I tillegg så kutta eg opp 2 bananer og hadde desse i etter at eg hadde røra på steikepanna

Deigen

  • 2 brune bananer
  • 3 egg
  • 2,5 dl melk
  • 2 dl kveitemjøl, kan og bruke havre om du vil det
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 ts bakepulver

Mos banan og bland inn egga. Ha i melk og til slutt alt det tørre.

Ha smør i steikepanna og smelt smøret og skru ned varmen før du har i røra.

Kutt opp to bananer og strø dei over pannekaka.

Steik på svak varme i ca 15 min, snu kaka og steik videre i 15 min til.

Server som dei er eller med bær, lønnesirup  eller sirup som ikkje er tilsatt sukker.

Dette kan være ein god dessert eller lunsj på ein fin søndag ute på terassen.