Rosinebrød er godt både til jul og resten av året. Desse er laget med sukrinsukker og melkefri melk. Du lager med det sukkeret du bruker og den melka du har heime.
ca 2-2,1 kg hvetemel
1 l mandelmelk
2 dl kokosraps fløyte
2 egg
220 g smør eller margarin, eg bruker melkefri
1 ts salt
2 dl sukker halvt om halvt med sukrin og sukrin gold
2 ts kardemomme
250 gr rosiner
1 pk tørrgjær
1 egg til pensling
Varm melk og fløyte i panna til 37 grader og bland inn egga og gjæren. La det stå 5 min før du blander inn det tørre og melangen som du har skjært i terninger. Kjør maskinen på sakte til alt er godt blanda og melangen er knadd godt inn i deigen.
Ha i rosinene og bland godt.
Settes til heving på benken til den har nådd dobbel størrelse. Eg hadde veske som var under 37 grader og deigen stod på benken i ca 2 timer.
Deigen var nydelig å jobbe med, hadde ikkje behov for mjøl til utbaking.
Del deigen i 6 emner og lag avlange brød.
Legg dei på bakepapir kledt brett og hev til dobbel størrelse. Pensle med egg før steiking
Forbarmaovn på 180 grader på varmluft.
Eg setter inn to brett samtidig, tre brød på kvart brett.
Steik i ca 30-40 min
Husk å avkjøl før du skjærer i brøda, sjølv om det er fristende å hugge inn med ein gong dei er ute av ovnen.
Fletteloff er enkelt å lage og dekorativt og godt på koldtbordet, til sjømat eller ei god gryte eller suppe. Eg har laget 1 brød, men dersom du vil lage fleire så dobler du alle ingredienser utenom gjæren💕💕Eg hadde loffen i ei form, men deigen var litt for stor for formen så hadde nok vert bedre om eg hadde steikt direkte på bakeplate 😁
3 dl vatn
70 gr melange/smør
2 egg
Ca 700 gr Kveitemjøl
1-2 ts salt
1 pk gjær
Varm vatn og ha i melange. Når det er fingervarmt ha i gjær, salt og egg. Spe med mjøl til deigen slipper bolla. Elt dette i 10-15 minutter til du får ein smidig deig.
Forhev ca 1 time.
Del deigen i tre og flett dei sammen. Legg brødet i ei smurt form. Pensle med egg eller vatn og strø på valmuefrø.
Etterhev ca 40-50 min.
200 grader i 20-30 min. Etter 20 min ta brødet ut av firma og steik videre på bakebrett. Brødet er ferdig når det er ein hul lyd når du banker på brødet.
Foccaia med urter og flaksalt. Dette er deilig tilbehør til både koldtbord, supper og gryterett. Eg er i overkant glad i brødmat og foccaia er ein av favorittane.
Dersom du ikkje vil kaldheve så bruker du lunka veske og 1 pk gjær, hev i 1 time. Etterhev mens ovnen blir varm.
500-600 gr pizzamel
1/2 l vatn
1/2 dl olivenolje
1 ts salt
1 ts sukker
1 ts gjær
Ha kaldt vatn i bakebolle og tilsett det tørre. La maskinen gå 10-15 min. Hev i 10-18 timer. Eg har deigen stående på kjøkkenbenken over natta. Deigen skal være laus.
Fyll
4 ss olje fra fetaosten
1 ss timian
1 ss provencekrydder
2 ss fetaost
Bland dette og la det stå og trekke litt.
Ha deigen over i ei form på 23*30 cm og ha på fyllet. Strø på flaksalt før du setter i ovnen.
Sett ovnen på 225 grader og steik til du får ei gyllen overflate. Ca 30 min
Krydderog løkbrød er godt tilbehør til gryteretter og ovnsretter. Det kan og nytes åleine med litt chips og dip. I dag laget eg med de krydder eg hadde tilgjengelig heime. Hadde lite ferske krydder i dag så laget med tørka og det gjekk kjempefint det💕
8 dl pizzamjøl
3 dl vatn, lunka
2 ts salt
1 ts gjær
3 ss olje
Elt sammen i kjøkkenmaskin og la den gå i 20 min. La deigen heve på benken til dobbel størrelse. Det tok 3-4 timer😍
Krydderfyll
4 ss Melange
1/4 Chilli
1/2 kinesisk kvitløk
1 Sjarlottløk
1 ts Kvitløkspulver
1 ts Timian fersk eller tørka. I dag vart det tørka
Bland godt sammen og la det stå å godgjere seg mens deiger hever.
Bak ut og smør på smøret. Rull sammen og rull så til ei lang pølse. Del i tre og skjær eit snitt i kvar av pølsene. Flett dei sammen og etterhev i ca 1 time.
Eg berre elsker gjærbakst og vanilje så desse vaniljesnurrene/ minikringlene med blåbær vart heilt vidunderlige og midt i blinken for meg. Søte og saftige, nam, nam nam😂😂😂
Eg fekk 8 stk kringler av denne oppskrifta.
1 pk gjær tørr eller fersk
5 dl melk
300 GR Melange
160 GR sukker
1/2 ts salt
1 kg kveitemjøl
Varm melka til 37 grader og ha i gjæren, fersk eller tørr. ha den opp i bakemaskinen din. Tilsett det tørre og kjør maskinen i 10 min. ha smøret oppi litt etter litt, kjør i 10 min.
Hev til dobbel størrelse.
Fremgangsåte sjå bilder.
Fyll
120 GR blå Melange
2 ss vaniljesukker
2 å ss sukker
Bland dette lett saman i ei skål. Smøret må være mjukt
blåbær til å ha inni snurrene brukte to bokser
Eg pensler med smørblandingen og strør på perlesukker på kringlene før steiking.
Ingenting er så tilfredsstillende som å lage gjærdeig. Den deilige lukta i rommet er nydelig. Og ikkje minst nysteikte rundstykker med godt pålegg🥰🥰 vart litt sein frukost/lunsj i dag men vel verdt å vente på😀
Eg fekk 9 store rundstykker
3 dl vatn
50 gr Melange
1/2 l Kveitemjøl
1/2 l Sammalt kveite
1 eple
1 ts salt
1 pk gjær
Varm opp vatn og ha i Melange. Når vatnet er passelig har du i gjær og salt. Tilsett det grove mjølet og eple. Det fine mjølet tilsetter du litt og litt. Elt deigen i 15 min.
Forhev deigen ca 1 time.
Bak ut rundstykker og sett på bakepapirkledt brett. Pensle med 1 egg og strø på sesamfrø.
Etterhev ca 40 min
Steik på 180 grader på nest nederste rille i 20-25 min.
Brød med rug gir eit saftig og veldig smakfullt brød. Dette passer godt på frukostbordet både til kvardags og fest.
6 dl vatn
5 dl sammalt kveite, finmalt
5 dl rugmjøl
5 dl kveitemjøl
1 pk gjær
2-3 ts salt
125 gr blå melange
Ha fingervarmt vatn i bakebolla tilsett alt det andre utenom kveitemjølet. Bland godt til melangen er løyst opp. Tilsett kveitemjøl litt og litt til deigen slepp bolla.
Forhev 1 time. Form to brød og legg på eit bakebrett. Skjær nokre snitt i brødet.
Då var tida her igjen til å bake deilige julebrød. I år skal eg lage de uten sukker da eg gir bort til nokon som har diabetes. Det er rosiner i brøda så heilt sukkerfrie blir dei jo ikkje, men mindre enn om du bruker vanlig sukker i de. Eg bruker oppskrifta til Mat fra bunnen og bytter ut sukkeret med sukrinsukker.
Dette har lenge stått på to do lista mi😀 etter å ha prøvd litt er eg komt fram til denne oppskrifta her⤵️
1 pk tørrgjær
9 dl lunkent vann
2 ss blå melange
1400 gram hvetemel
1 ts salt
Framgongsmåte
Ha tørrgjær, lunkent vatn, melange, kveitemjølog salt i ei bakebolle, og elt på middels hastighet i cirka 10 minutter til du har ein smidig deig som slepp bollen.
Dekk bakebolla med plast eller fuktig tørkle og la den heve til dobbel størrelse i cirka 30 minutter.
Ha deigen ut på benken og del den i 16emner. Trill emnene til boller og la dem ligge og kvile under eit tørkle i 15 minutter.
Kjevle ut bollane til dei er flate på cirka 15 centimeter i diameter.
Dekk pitabrøda med eit tørkle og la dei etterheve i cirka 30 minutter.