Wraps med deilig innhald vart ein perfekt lørdagsmiddag her på Alvsvåg 🥰 det som er greit med wraps er at du kan fylle dei med akkurat det du liker. Eg brukte grove tortillalefser med deilig fyll.
På søndag sist veke lagde eg frikkase til middag 🥰 men eg hadde ikkje lammekjøtt så laget av okserundbiff då eg hadde det i fryseren. Det vart kjempegodt.
Legger ved oppskrift på Lammefrikkase Framgongsmåte er den samme berre bytt ut lam ned okse🥰
Smelt margarin eller smør i panna og legg i biffen. Eg heilsteikte eit stykke på 1,1 kg. Restene bruker eg til gryter og lapskaus.
Legg kvitløk, chilli og sesamolje i panna. Snu på biffen og steik den på alle sider. Skru ned tempen og steik til ønska temperatur, bruk termometer.
Salaten
Kutt opp salat, løk, sukkererter, chilli og mango. Legg dette på eit stort fat. Kok ris og la den bli lunken før du blander inn risen. Risle over sesamolje.
La kjøttet kvile 15-20 min før du skjærer skiver og legg oppå salaten 🥰
Dersom du ønsker serverer du med godt brød og kvitløksdressing.
Biff er aldri feil og laget til slik eg gjer her er nydelig godt. Det tar seg fint ut og selv om brun mat kan være vanskelig å få til å sjå lekkert ut så er dette berre heilt nydelig 🥰💕
ytrefilet av okse. 150-250 gr PR person. Du kan og bruke mørbrad eller indrefilet.
1-2 ts Salt
1-2 ts Pepper
Potetstappe
1 egg
150 gr raspa ost
Karamellisert Løk
2 store Sopp
4 cherriTomater
Svi biffene på begge sider på sterk varme og legg dei på eit fat. Gni dei inn med salt og pepper.
Svi soppen før du har i ovnen.
Legg biffen på planken og sprøyt potetstappa rundt. Legg på tomat, løk og sopp.
Steik dette i ovnen på 230 grader midt i ovnen til biffen har ønska grader. Bruk steketermometer slik at du har full kontroll på steketiden.
Sausen har du på rett før servering
Rå: 52-56 grader
Medium: 58-64 grader
Godt stekt: 66-68 grader
Potetetstappe
Bruker denne oppskrifta og tilsetter 1 egg og ost. Lar stappa stå til den er kald då er den lettere å sprøyte på.
Oppskrifta er nok til 4 vaksne. Me har middag i to dager, suppa blir kjølt raskt med i vasken med vatn og isbiter.
400 gr grilla ytrefilet av okse
3 gulrøtter
6 poteter
1 nepe
1 gul løk
1/2 stor purreløk
1 blomkål
Vatn
Salt
Kutt opp alle grønsakene og kjøttet i litt store biter. Legg blomkålen til side. Ha resten i ei gryte og fyll på med vatn. Småkok i 1 time. Ha blomkål i dei siste 10 minuttene. Smak til med salt og pepper.
Eg serverte suppa med flatbrød, men du kan og bruke brød.
Tips:
Om du har andre kjøttrester så kan du bruke det. Du kan og bruke pølse. Det er og mange andre gode grønsaker du kan bruke, men det var desse eg hadde i kjøleskapet i dag🥰😁
Tomahawk entrecôte på grillen med snakemetoden. Då kan du grille på lav temperatur over lang tid, det blir nydelig kjøtt 🥰💕
For å lage snake begynner du med å legge grillbriketter etterkvarande tett i tett rundt halve grillen.så legger dei ny attmed den du allerede har lagt. Så legger du ein runde oppå dei to andre. Sett fyr på nokre briketter og legg dei attmed enden av snaken. Då brenn den sakte fra den eine enden og heilt rundt. Viss ikkje dette var godt nok forklart så kan du sjå filmer på nettet som viser korleis du gjer dette.
Tomahawk entrecôte, beinet veger jo litt så eg steikte to stk men det hadde vert mat til 2-3personer til 👍💕 tilsammen veide de 1,5 kg
Krydderblanding fekk eg fra Andreas Fleicher og det er enkelt. 3 ts pepper, 2 ts kvitløksgranulat eller to fedd kvitløk(eg brukte fedd) litt salt på slutten av steiketida.
Gni inn kjøttet med pepper og kvitløk.
Lag ein snake på grillen og legg kjøttet på. Saltet kjøttet rett før eg la det på direkte varme.
Grilla på lav varme i 4 timer. Dei siste ti min hadde eg kjøttet på direkte varme.
La kjøttet kvile 15-25 min før du skjærer i det.
Kjøttet var steikt medium/rare.
Veldig mørt og godt kjøtt.
Tilbehør:
steikt løk
Steikt sopp
Kokt brokkoli
Kvitløksdressing
PS:
Hadde mykje rester igjen av kjøttet. Skar det opp i biter og putta i fryseren. Dette blir god gryte ein anna dag.
Årets grilldag som var lørdag 9 mai måtte selfølgelig feires med noko nydelig grillmat. Her hos meg vart det heilgrilla entrecôte med fløtegratinerte poteter, steikt løk, brokkoli og peppersaus 😁😁
Potetene
5 store poteter
3 dl fløyte
1 ts pepper
2 ts salt
1 kinesisk kvitløk
150 gr Raspa ost
Kutt opp poteter og ha dei i ei panne med salt, pepper og kvitløk. Kok opp og la det syde i 10 min. Ha alt i ei ildfast form og strø på ost og sett det på grillen.
Eg griller den på inndirekte varme ca 200 grader i ca 1 time.
Entrecôte
1 heilt entrecôte
Salt
Pepper
Gni kjøttet inn med salt og pepper og legg på grillen med steiketermometer. Steikte på inndirekte varme, til slutt legger eg det på direkte varme for å få steikeskorpe. Du steiker til det når den varmen du ønsker.