Eplekake i stor langpanne. Denne er laget med norske epler frå svigermor sin hage, alternativt sukker, glutenfritt mjøl og laktosefritt. Kaka vart tatt med på jobb og godt mottatt
- 500 gr mjukt smør/Melange eg brukte melkefritt
- 150 gr finesse bakesukker eller 300 gr farin
- 100 gr Sukkr gull eller 200 gr vanlig brunt sukker
- 400 gr glutenfritt mjøl(Toro lys kakemiks)eller 500 gr kveitemjøl
- 8 egg
- 2 ts vaniljepulver
- 14 gr bakepulver
- 1 dl melk med eller uten laktose
5-7 epler, alt etter kor store dei er.
Kanel og sukker eg brukte finesse bakesukker. Her strør eg berre over kaka, målte ikkje opp.
Framgongsmåte
- sett ovnen på 180 grader over og undervarme
- Rør smør og sukker kvitt
- Ha i eit og eit egg, rør godt
- Sikt i det tørre og rør til du har ei gjevn røre
- Ha røra i ei stor langpanne, eg brukte den til steikovnen
- Legg på eplene som du har kutta opp i små tynne båter
- Strø over kanel og sukker
- Sett kaka midt i ovnen
- Steik i ca 30-40 min.
Tips:
Kutt opp valnøtter og strø over kaka før steiking.
Eller du kan lage makronfyll å ha på toppen.
Begge deler er godt, men det er og veldig godt akkurat slik eg har laga den. Server med fløyte eller is, nydelig
0 kommentarer