Glutenfri brownie saftig og god

 

Brownie er alltid ein slager. Her har eg prøvd meg på ein variant med sukkererstatning og sukkerfri sjokolade, og glutenfritt mjøl. 🥰Hadde og i kvite sjokoladedråper🥰Dette vart ein skikkelig god fredagskos på jobben👍

Ingredienser:

  • 6 store egg eller 8 små
  • 360 gr finesse bakesukker
  • 500 gr smør
  • 200 gr glutenfritt mjøl. Kan og bytte it med kveitemjøl. Eg brukte Toro lys
  • 1 ts vaniljepulver
  • 70 gr kakaopulver
  • 150 gr mørk sukkerfri sjokolade eg brukte monster sin
  • 150 gr lys sukkerfri sjokolade
  • 100 gr sukkerfri kvit sjokoladedråper

Framgongsmåte røra

  • Ha alt det tørre i en bolle og røre rundt, bruk kjøkkenmaskin om du ynskjer.
  • Smelt smøret og ha den mørke og lyse sjokoladen oppi. Bland det sammen med det tørre
  • Ha i ett og ett egg og røre til du får ei glatt  røre.
  • Strø  forsiktig den kvite sjokoladen over røra

Montering av kaka før steiking

  • Hell røra over i ei bakeform på som du har lagt bakepapir i botn på. Str på forma er 35*25 cm form. Strø på den kvite sjokoladen
  • Sett ovnen på 160 grader varmluft og steik ca 15-20 min. Den skal ikkje være gjennomsteikt.

TIPS:

La avkjøle godt før du deler opp.

Om du bruker vanlig farin dobler du sukkermengden i forhold til finesse bakesukker.

Dersom du ønsker ei mørkare kake kan du bruke kun mørk sjokolade.

Server gjerne med vispa fløyte, is og ferske bær.

0 kommentarer

Siste innlegg