Kalkunfilet/bryst på grillen

 

Kalkunfilet på grillen var nydelig godt. Eg laga ein lake som eg la kalkunen i to dager før eg skylle grilla. Då får eg god smak heilt gjennom fileten.

Lake

  • vatn og salt 5 l vatn og 5 dl salt
  • 3 ss Heil pepper
  • 5 Lauberblad
  • 1 ts chilliflakes
  • 1 Løk
  • 2 epler (appelsin er og godt i laken)
  • 1 kinesisk kvitløk

Kok opp vatn og salt. Ha i resten. Kjøl ned før du har i fileten.

Sett i kjøleskapet i to dager.

  • 1 kalkunfilet ca 2,5 kg

Marinade:

  • 5 ss olje
  • 1 ss pepper
  • 1 ss salt
  • 1 ss løkpulver
  • 1 ss kvitløkspulver
  • 2 ss røkt paprika
  • 1 ss kokos sirup
  • 1 kork eddik 7%

Pensle fileten med marinade.

Legg fileten på grillen på inndirekte varme. Eg hadde på eit bluss, hadde og ein røykboks med flis i for ekstra røyksmak. Med eit bluss er det ca 125 grader.

Etter 2 timer set du på eit bluss til, ca 180-200 grader. Steik til du når kjernetemperatur.

Ha eit termometer i den tjukkeste delen av fileten.

Kjernetemperatur 78 grader

Maisen griller du på direkte varme i 15-20 min snu de slik at de får farge overalt

Salat

  • mango
  • Tomat
  • Agurk
  • Paprika
  • Crispie salat
  • Druer

Grilla mais👇👇👇

https://lailasmat.blogg.no/marinade-til-mais.html

Bretagnesaus👇👇👇

https://matfrabunnenfb.blogg.no/1457816671_bretagnesaus_av_tanja.html?_gl=1*1fdieoo*_ga*ODkxOTE5OTA1LjE2NzMwOTQwMzU.*_ga_2SXG691Y94*MTY4MDc3OTM5NC4xMzUuMS4xNjgwNzc5NDY1LjYwLjAuMA..

Eg serverte med salat, kokte poteter, grilla mais og Bretagnesaus.

Eg grilla og nokre pølser til dei som ville ha det🐣

0 kommentarer

Siste innlegg