Komle med godt tilbehør

 

Komle er ein god tradisjonsrett som har mange namn rundt om i landet. Her på Vestlandet kallar med det for komle, men den går og under namnet kompe og klubb blandt anna. Godt er det uansett namn og korleis du lager og serverer det. På Vestlandet er det torsdag som er Kommedal så mitt middagstips i dag er difor komler.

KJØT

  • Salt kjøt av lam( 300-400 GR PR person)

kok kjøtet i 3-4 timar til det er møyrt. ta det ut av panna og hald det varmt i steikovn, dampovn eller i crockpot panna di om du har det. du koker komlene i krafta til kjøtet.

KOMLENE

20-30 stk(små komler)

  • 2 kg poteter
  • 8 ss byggmjøl
  • 8 ss kveitemjøl
  • 1-2 ts salt
  • 1 ts pepper

skrell potetene og kjør dei gjennom kverna på maskinen din om du har. dersom du ikkje har det så raspa du dei for hånd.

bland i mjølet til ein mjuk fin deig som du får til å forme. Av mjølet bruker du halvparten bygg og halvparten kveite.

Kok komlene 1 time i krafta av kjøtet. husk at det skal berre så vidt koke elles så detter komlene frå kvarandre.

KÅLROTSTAPPE

  • 1 kålrot
  • 2 poteter
  • 1 gulrot
  • 2-3 dl fløyte
  • 2 ss blå melange
  • salt, pepper, sukker og muskat

skrell og kok kålrot, potet og gulrot til dei er møre.

Mos med stavmikser eller for hånd med ein stapper.

ha i melange og fløyte og smak til med salt, pepper, sukker og muskat

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg