Fylte havreflarn med alternativt sukker

Havreflarn er ein av favorittane til min kjære😄 han putter stadig med seg heim ein boks frå butikken, dei som er fylt med sjokolade er favoritten🥹Eg har funnet fram mi gamle oppskrift frå 80 talet og har laget desse med alternativ sukker og sukkerfri sjokolade😁

  • 200 gr margarin/smør
  • 200 gr havregryn
  • 2 egg
  • 140 gr sukrin gold
  • 40 gr finesse bakesukker
  • 2 sp kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver

Bland kveitemjøl og bakepulver med havregryn . Smelt smør og hell over havregryn. Pisk eggedosis og bland dette sammen med resten av røra.

Bruk ei teskje og sett dei på ei bakepapir kledt steikebrett.

Dei sig ut litt så pass på å gi dei plass.

Sett ovnen på 200 grader og steik  ca 5-7 minutter.

Avkjøl kjeksa før du har på smelta sjokolade.

Eg brukte 200 gram sukkerfri lys(120)og mørk(80)sjokolade.

Smelt sjokoladen og ha på 1 ss på kvar kjeks og legg ei kjeks oppå.

La dei bli heilt kalde før du har dei i ein tett boks

 

0 kommentarer

Siste innlegg