Mandelkake med melkesjokoladekrem

Mandelkake med melkesjokoladekrem, nam nam. På 80 talet laga eg mykje ei kake som heiter Mandeldrøm med malte mandler og ein deilig sjokoladekrem👍 Den kaka eg har laga her har brukt Mandeldrøm  som utgangspunkt. Denne kaka er laget med mandelmel, i tillegg til eggedosis er det vispa eggekviter. Den har difor ein litt anna konsistens men like god som orginalen😇😇😇

Kakebunn:

  • 400 gr mandelmel
  • 4 egg
  • 4 eggekviter
  • 300 gr melis

Visp eggedosis av egga og melisen.

Tilsett mandelmelet. Visp eggekvitene stivt og bland forsiktig inn i kaka.

Ha røra i ei smurt form på 26 cm.

Steik kaka på 180 grader varmluft i ca 40-50 minutter.

 

 

Krem:

  • 200 gr smør/margarin eller det du liker og tåler
  • 150 gr melis
  • 2 ts vaniljesukker eller vaniljepulver
  • 300 gr melkesjokolade
  • 4 eggeplommer

Smelt sjokoladen over vannbad og la den bli lunka.

Rør smør og melis til du har ein lys og luftig smørkrem.

Bland inn sjokoladen.

Til sist rører du inn ei eggeplomme om gangen.

 

 


Montering:

Del kaka i to og avkjøl før du pynter.

Smør kremen inni og utanpå kaka og pynt med det du ynskjer. Eg pynta med makroner.

Du kan og sprøyte kremen på med kakesprøyte.

 

0 kommentarer

Siste innlegg