Bananpannekaker ala Thailand

Bananpannekake får me til dessert når me er i Thailand. Her har eg laget min versjon av denne. Eg hadde to brune bananer som eg hadde i deigen. I tillegg så kutta eg opp 2 bananer og hadde desse i etter at eg hadde røra på steikepanna

Deigen

  • 2 brune bananer
  • 3 egg
  • 2,5 dl melk
  • 2 dl kveitemjøl, kan og bruke havre om du vil det
  • 1 ts vaniljepulver
  • 2 ts bakepulver

Mos banan og bland inn egga. Ha i melk og til slutt alt det tørre.

Ha smør i steikepanna og smelt smøret og skru ned varmen før du har i røra.

Kutt opp to bananer og strø dei over pannekaka.

Steik på svak varme i ca 15 min, snu kaka og steik videre i 15 min til.

Server som dei er eller med bær, lønnesirup  eller sirup som ikkje er tilsatt sukker.

Dette kan være ein god dessert eller lunsj på ein fin søndag ute på terassen.

 

 

0 kommentarer

Siste innlegg