Mangomusse med muffins i sjokoladeform vart ein liten frisk dessert til kollegasamling🥰🥰🥰Du kan òg lage de i ei dessertglass slik eg har vist her. Då kan du bruke heile muffins då glassa er større enn
Muffins:
- 1 egg
- 1 dl sukker
- 1 dl smelta smør/margarin
- 1 dl melk
- 2,5 dl kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
- 1 bringebær i kvar form
Varm ovnen til 175 grader
Visp egg og sukker til lys og luftig eggedosis
Tilsett smelta smør
Ha i melk
Bland inn det tørre og rør til du har ei glatt røre
Ha røra i muffins former 3/4 fulle
Steik i ca 12 min på små muffins større steiker du 15-20 min
Du kan godt bruke ei lita muffinsform. Dei eg hadde var litt store så eg måtte skjære de til.
Sjokoladeform:
- 300-400 gr temperert sjokolade(eg kjøpte ein sjokolade som var ferdig temperert)
Smelt sjokoladen og la den kjøle seg nokre minuttar.
Ha ei spiseskje i kvar muffinsform. Bruk ein pensel og dra sjokoladen oppovermot kantene. Avkjøl til sjokoladen er stiv. Fjern papiret og de er klar til å fylles.
Eg smelta og kvit sjokolade til pynt.
Mangomousse:
- 3 store mango
- 3 dl fløyte
- 4 ss honning
- Saften av 1/2 sitron
- 1 ts gelatin og 2 ss vatn til å løyse opp gelatinen
Framgangsmåte:
- Mos mangoen
- Bland inn honningen i mangoen
- Visp fløyten til ein fast masse
- Bland forsiktig inn mangoen
- Til slutt blander du den oppløyste gelatinen med med sitronsaften. Bland forsiktig dette inn i moussen
Montering av kakene:
Legg ei spiseskje med mousse i botn.
Legg muffins oppi, mine var litt store så eg skar de til slik at de passet.
Ha på 1-2 ss mousse oppå muffinsen og til slutt pynter du med bringebær og kvit sjokolade.



















