Gode gammeldagse lapper med alternativt sukker

Gode gammeldagse lapper. Eg har lagt ut    fleire oppskrifter på lapper både med banan og uten, med og uten grovt mjøl. Desse er nesten akkurat slik eg lagde de på 80 talet, med eit lite unntak. Dei er laga med alternativt sukker du kan sjølvsagt lage de med vanlig sukker🥞🥞🥞🥞🥞

  • 1 l kefirmelk
  • 8-10 dl Kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts Hjortesalt
  • 1 dl Finesse bakesukker eller 2 dl vanlig sukker om du vil
  • 4 egg
  • 1 ts vaniljepulver eller vaniljesukker

Bland saman alle våte ingredienser før du blander inn det tørre.

La røra stå 20-30 min før du steiker. Her kan du bruke ei steikepanne eller takka om du har det. Eg steiker på lav varme slik at dei blir gjennomsteikt.

Eg serverte med rørte bringebær og blåbær. Knuste de lett å blanda inn 1 ss finesse bakesukker. Deilig kaffimat🎉

 

0 kommentarer

Siste innlegg