Så var eg på surdeigskjøret igjen. I dag har eg laget eit brød med sikta kveitemjøl og samalt kveitemjøl. Dette må eg sei er det brødet som er mest vellykka. I morgon blir det ny baking med litt andre ingredienser og fremgangsmåte🥰
Oppskrift
- 100 gr samalt kveite
- 300 gr Sikta kveitemjøl
- 340 gr Vatn
- 16 gr Salt
- 100 gr Starter av sikta kveitemjøl
Dag 1
Ta fram surdeigstarteren din og la den stå på benken natta over.
Dag 2
Mat starteren med 50 gr kveitemjøl og 50 gr vatn.
Autolyse 1-2 timer👇
- 100 gr samalt kveitemjøl
- 400 gr kveiteMjøl
- 340 gr Vatn
Bland sammen og la det stå på benken 1-2 timer. Bland dette godt slik at det ikkje er noko mjøl igjen i bolla. Og sett tilside i 1-2 timer. Skriv kl slett på plasten du dekker til bolla med.
Bland sammen:👇
Ha i 100 gram fra starteren din og saltet. Bland det godt slik at alt saltet er godt blanda med deigen. Når du har blanda godt så jobbet du videre med deigen ved å ta hånda di under deigen og snur rundt og rundt og rundt. Dette gjer du til deigen er god og smidig. 5-10 min. Dette er for å opparbeide gluten i deigen.
Strekk og brett👇
Sett deigen tilside med plast over. Skriv på kl slett, du skal no strekke og brette kvart 30. Min. Strekk og dra i deigen, gjer dette heile veien rundt bolla og når du er komt rundt snur du deigen med brettekanten ned i bolla. Deigen skal være lett å dra opp og brette, dersom du ikkje klarer å strekke deigen så sett deigen i ro igjen og gjer eit nytt forsøk etter nye 30.min
Du gjentar dette kvart 30.min 4-6 gonger.
Forming av brødet:👇
Ha deigen på benken med mjøl på. Når du tar deigen ut av bolla skal den sida som er nederst i bolla vende ned mot bordet.
Strekk ut deigen og form brødet. Du bretter deigen sammen som ein konvolutt og strammer godt slik at brødet held forma. Legg bolla over og la den ligge nye 10 min.
Brett deigen igjen og legg deigen i hevekorga. Løft opp deigen og la den brette seg under deigen, gjer dette heile veien rundt. Stram deigen ved å snurre den rundt og rundt. Vær forsiktig så du ikkje slår lufta ut av deigen. Brettsiden skal være opp i korga
Dersom du ikkje har slik fancy korg så bruker ei bolle med eit håndkle oppi. Sett deigen til heving 12-16 timer. Skriv kl slett på plasten slik at du har kontroll på kor lenge den har stått til heving i kjøleskap.
Dag 3
Sett ovnen på 250 grader og sett inn forma/gryta sammen med lokket. La det stå minst 1/2 time
Ha frø i botn av gryta/ forma. Ha brødet forsikt oppi, med toppen ned i gryta. Lag snitt i brødet og dusje det med vatn, ta på lokket og sett inn i ovnen på nederste rille.
250 grader i 30 min med lokk
240 grader i 10 min med lokk
240 grader uten lokk i 20-30 min
Blir ikkje ein time — eller 1 t og 10 min — litt lenge? Eg steiker aldri meir enn 40 min, (20 min på 245 og 20 min på 235) og då er det godt steikt!
Eg måtte steike så lenge