Coockies med sjokolade er favoritten til barnebarnet mitt. Han vil ha de mørke då synest han det er perfekt. Så då er det berre for besto å prøve å lage nokon som han liker😁🥰kjeksa falt i smak hos både store og små
Slik gjer du👇👇👇👇👇👇
- 5 dl kveitemjøl(dersom du vil ha kakao i tar du vekk 5 ss kveitemjøl og erstatte med 5 ss kakao)
- 245 gr romtemperert smør/margarin
- 2,5 dl sukker, eg brukte brunt sukker
- 3 egg
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ts natron
- 1 ts salt
- 200 gr sjokolade, eg brukte mørk sjokolade og nonstop
- Sett ovnen på 160 grader.
- Miks sammen sukker og smør i ei bolle, bruker du mikser så er det bedre å blande.
- Tilsett egg, eit om gongen
- Bland sammen det tørre i ei skål og ha det sammen med smørblandingen.
- Eg delte røra i to skåler og hadde mørk sjokolade i den eine og nonstop i den andre.
- Legg ei toppa teskje med røre på bakebrettet, dei siger litt utover.
- Steik kjeksene i 10-12 min. Dei skal være litt seige så ikkje steik for lenge. Eg tok dei ut etter ti min, var heilt perfekte
- Avkjøl 2-3 min på brettet før du legger dei på ei rist
0 kommentarer