Coccies med sjokolade og non stop

Coockies med sjokolade er favoritten til barnebarnet mitt. Han vil ha de mørke då synest han det er perfekt. Så då er det berre for besto å prøve å lage nokon som han liker😁🥰kjeksa falt i smak hos både store og små

Slik gjer du👇👇👇👇👇👇

  • 5 dl kveitemjøl(dersom du vil ha kakao i tar du vekk 5 ss kveitemjøl og erstatte med 5 ss kakao)
  • 245 gr romtemperert smør/margarin
  • 2,5 dl sukker, eg brukte brunt sukker
  • 3 egg
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 1 ts salt
  • 200 gr sjokolade, eg brukte mørk sjokolade og nonstop
  1. Sett ovnen på 160 grader.
  2. Miks sammen sukker og smør i ei bolle, bruker du mikser så er det bedre å blande.
  3. Tilsett egg, eit om gongen
  4. Bland sammen det tørre i ei skål og ha det sammen med smørblandingen.
  5. Eg delte røra i to skåler og hadde mørk sjokolade i den eine og nonstop i den andre.
  6. Legg ei toppa teskje med røre på bakebrettet, dei siger litt utover.
  7. Steik kjeksene i 10-12 min. Dei skal være litt seige så ikkje steik for lenge. Eg tok dei ut etter ti min, var heilt perfekte
  8. Avkjøl 2-3 min på brettet før du legger dei på ei rist
0 kommentarer

Siste innlegg