Skinkesteik med sprø svor

 

Eg oppdaga at eg ikkje har oppskrift på skinkesteik på bloggen min😀Da må me gjera noko med så her er mi oppskrift på skinkesteik med sprø svor👍

  • skinkesteik med svor denne var ca 1 kg
  • Grovt salt til eg dekka forma
  • Salt og pepper ca 2 ts av kvar
  • 2 Løk,3 gulrot, 3 epler
  • 5 dl vatn og buljong/fond

Krydre steika med salt og pepper og legg den med svoren ned i det grove saltet. Her kan det godt ligge i 2 dager i kjøleskapet.
Rut svoren, dette kan du òg gjere etter damping då er det lettare å kutte i svoren.
Damp  kjøttet i 45 min. Eg har kombiovn og bruker dampfunksjon. Har du vanleg ovn sett på 230 grader og dekk til kjøttet med folie.

Etter damping ta ut kjøttet og sett ovnen på 175 grader. Stikk eit steiketermometer i kjøttet. Steik videre til kjøttet når 75 % grader. 

Krafta i bunnen brukes til å lage saus av.

Dersom ikkje svoren har poppa så skrur du opp varmen og føl godt med slik at den ikkje blir brent

Tilbehør:

  • gulrøtter 1-2 pr person
  • Poteter 3 pr person
  • Surkål
  • Eple,løk og guddom har vert med i steiking bruker du som tilbehør

 

  • Brun saus
  • 3 ss melange blå
  • 3 ss kveitemjøl
  • 0,5 l kraft fra steiking av kjøttet

brun mjøl og margarin til det gyllent brunt. Spe med vatn og smak til med krydder. Kok 15 min til du har kokt ut mjølsmaken. Smak til med salt og pepper

Marengs med sjokolade og lakris

 

 

Marengs med sjokolade og lakris🤩 Dette må jo berre bli godt. Eg har laga både med søt og salt lakris 🤩Dette trur eg blir ein ny favoritt hos meg🤩🎄🎄🎄

  • 3 store eggehviter eller 4 små
  • 250 gr melis
  • 200 gr lys sjokolade
  • 6 Kicks lakris ca 160 gr om du ønsker å bruke anna lakris. Du kan bruke søt eller salt lakris

Visp eggekviter og melis

Bland sjokoladen og lakrisen i marengsen og sett dei på brett med bakepapir på.

160 grader på varmluft, eg hadde begge bretta i samtidig. Steikte dei i 20 min

La dei avkjøle på brettet før du tar dei over på rist. Oppbevar i tett boks.