Drivhus og kjøkkenhage

Prosjektet drivhus og kjøkkenhage kjem seg. Det er ikkje alt som dr vellykka men då får eg prøve på ein Anna måte neste år. To av tomatplantene er det masse tomater på må berre få bli modne så blir dette bra. Dei to andre vart satt litt seint så desse får me sjå om kjem med tomater, men det er mange blomst på desse og. Snacks agurk har eg hausta lenge og mange fleire blir det. Chiliplanta er full i blomster og det er og komt mange chillier på denne. Sukkererter plantene fekk eg noko utøy på så dei måtte eg kasta men prøver på nytt neste år. Sitron busken har og gitt mange små sitroner og eg er spent på om eg klarer å overvintre denne, spennende🥰 ute har eg jordbær og det ser ut som dei kjem seg, dette er og satt seint så håper på masse jordbær neste år. Så har eg purre og salatløk og grasløk i den eine kassa. I ei kasse har eg salat, koriander mynte, oksalis og timian. Eg har plan om å lage urtesalt av nokon av urtene og kanskje smaksatt sukker av mynteplanta😀blir spennende dette, i tok eg inn to små tomater som var ferdig modne 🍅🍅Håper å kunne dele litt når eg skal lage ulike ting av det eg dyrker👍Legger ved bilder av prosessen med å lage drivhus og plantekasser🥰

0 kommentarer

Siste innlegg