Eplegele med hint av chilli

Eg har vert heldig å få mykje epler og då var det for å prøve meg på eplegele. Dette kan brukes på brød, som tilbehør til ost og kjeks eller tilbehør til brun saus. Det kan sikkert brukes til mykje anna og.  Dersom du vil ha den meir spicy så har du i meir chilli. No vart det ein fin chillismak sånn heilt bak i munnen.

  • 2,8 kg syrlige og smakfulle epler, eg brukte epler som eg fekk, veit ikkje kva dei heiter.
  • 8 dl vann
  • 400-500 g sukker per liter saft
  • Del eplene  i store biter, du har med alt både kjerner og skall og stilk
  • Kan smaksettes med chili, kanel, vaniljestang, sitron, rosmarin  eller mynte som skal trekke sammen med saftingen. Eg brukte 2 ts chilliflakes og 1 vaniljestang
  • Eventuelt pektin om du ikkje får det stivt

Del eplene i båtar og legg i ein stor kjele med både skrott, alt skal være med. Ha i det du ønsker av smak  og vatnet og kok opp. La småkoke på låg varme i ca. 1 times tid, til epla har mista fargen og kokt saman litt og du ser at vatnet i kjelen har fått ein frisk farge frå epla. Hell epleblandinga gjennom eit dørslag med klede eller gassklut  over og sil av all eplesafta ned i ein rein bolle. Lat det gjerne stå slik og renne av seg i 3-4 timar eller også til neste dag.

Mål opp den ferdige eplesafta i eit litermål og ha det over i ein stor kjele saman med nokre dråpar sitronsaft. Tilsett ca. 450-500 g sukker pr. liter saft du sitt att med. Gi det eit forsiktig oppkok og la det småputre i ca. 10-15 minutt. For å sjekke om geleen er stiv kan du ta ein dråpe saft på eit lite fat som du setter i kjøleskapet nokre minutter og sjekk om geleen er stivna. Dersom gelèen framleis ikkje er stiv kokar du safta vidare og gjentek testen igjen. Har du problemer med å få gelèen til å stivne kan du tilsetje litt fruktpektin etter anvisning på pakken. Når gelèen er klar heller du væska over på reine og sterile glas. Lat det avkjøle seg på kjøkkenbenken før du sett det kjølig til oppbevaring.

0 kommentarer

Siste innlegg