Terte har eg aldri laget før så det får eg sikkert til eg fant inspirasjon på nettet og laget min versjon. Eg bytta ut melkeprodukta til melkefri Melange og gryr kokos fløyte. Du bruker dei melkeprodukta du pleier å bruke.
Mørdeig:
- Frøa frå 1 vaniljestang
- 80gr smør/melange
- 125 gr melis
- 1 egg
- 200 gr kveitemjøl
Finn fram alle ingrediensene og la dei bli romtemperert.
Begynn med å dele vaniljestanga og skrap ut frøra. resten av stanga legger du bort, denne bruker du når du lager curden.
Ha romtemperert smør, melis og vaniljefrø i ei bolle. visp slik at alt blander seg godt.
Ha i egg og kveitemjøl og bland sammen, den skal ikkje vispes lenge berre slik at alt samler seg.
Legg deigen i ein pose og legg på kjøl til den er gjennomkald ca 1 time, kan og lages dagen i førevegen.
Når du tar deigen ut av kjøleskapet så knar du den lett før du kjevler ut. Eg la deigen mellom to bakepapir. Legg deigen i ei smurt terteform og prikk deigen med ei gaffel. Legg eit bakepapir oppå deigen og legg på bakebønner eller erter slik eg gjorde, det gjekk fint det og. Sett forma i kjøleskapet i 15-20 min før du steiker.
Sett ovene på 180 grader under og overvarme.
Steik bunnen i 15 min, ta den ut og fjern ertene og bakepapiret før du steiker videre i ca 15 min eller til bunnen er gjennomsteikt. La tertebunnen avkjøles i forma. Eg lagde bunnen dagen før eg skulle bruke den. Bunnen satte eg på eit kjølig rom natta over etter å ha dekka til med plastfolie.
Bringebærcurd
- 350 gr bringebær
- 70. gr sukker
- 1 ss sitronsaft
- 2 ss vatn
- 1 vaniljestang
- 30 gr maizenna stivelse
- 3 eggeplommer
- 3 ss vatn
- 60 gr mjukt smør/melange
Ha bær, sukker, sitronsaft 2 ss vatn i ei bolle. Kjør blandingen glatt med ein stavmikser. Ha pureen gjennom ei sil og over i ei kjele. Tilsett vaniljestanga og varm opp under omrøring.
Så rører du saman eggeplommer, maizenna, 3 ss vatn i ei bolle. Tilsette i pureen og varm opp under omrøring. Småkok eit lite minutt til det tjukner litt. Ta kjelen av varmen. Bruk stavmikser til å røre inn smøret.
Fordel curden på den avkjølte tertebunnen.
Sjokoladeganache
- 250 gr kokesjokolade eg brukte Dronningsjokolade
- 2 dl gryr kokos fløyte, du bruker den fløyten du vanligvis bruker
- litt flaksalt
- 50 gr mjukt smør/melange
Hakk sjokoladen i småbiterog ha i ei bolle. Varm opp fløyte og hell over sjokoladen, tilsett salt og smøret i småterninger. Visp sammen med stavmikseren. Ha ganachen over bringebærcurden og pynt med friske bær, bakestrøssel eller annet som du ynskjer.
Her henta eg inspirasjon
https://www.facebook.com/Kakeprat/videos/278294307216610/