Chillisyltetøy har eg aldri prøvd før så det får eg nok til😂😂Eg har veldig mykje chili i drivhuset og måtte prøve å lage noko av det. Det var òg ein del tomater som var modne og måtte brukast. Då då vart det litt spicy syltetøy av det👍😍
- 590 gr tomat
- 10 Chilli
- 2 kinesiske Kvitløk
- 30-40 gr Ingefær
- 750 gr Sukker
- 1,5 dl Eddik
- 3 ss Soyasaus
Kutt opp i små biter. Eg hadde frøa med i syltetøyet men om du vil ha det mildere tar du ut desse.
Ha alle ingrediensene oppi panna og kok opp. La det små koke i 1-2 timar til du har ein klissete masse. Kjør syltetøyet med stavmikser til ein jevn masse. Ha på reise glass og oppbevar kaldt og mørkt.
Eg fekk 4 små glass.











