Sommersuppe med nokon av dei deilige norske grønsakene som er i sesong no🥰💕
Oppskrifta er nok til 4 vaksne. Me har middag i to dager, suppa blir kjølt raskt med i vasken med vatn og isbiter.
- 400 gr grilla ytrefilet av okse
- 3 gulrøtter
- 6 poteter
- 1 nepe
- 1 gul løk
- 1/2 stor purreløk
- 1 blomkål
- Vatn
- Salt
Kutt opp alle grønsakene og kjøttet i litt store biter. Legg blomkålen til side. Ha resten i ei gryte og fyll på med vatn. Småkok i 1 time. Ha blomkål i dei siste 10 minuttene. Smak til med salt og pepper.
Eg serverte suppa med flatbrød, men du kan og bruke brød.
Tips:
Om du har andre kjøttrester så kan du bruke det. Du kan og bruke pølse. Det er og mange andre gode grønsaker du kan bruke, men det var desse eg hadde i kjøleskapet i dag🥰😁
0 kommentarer