Banan og bringebærkake med sukkererstatning

Bringebær og banankake. Eg hadde litt som måtte brukes opp før me skal være borte ei veke og då vart denne kaka til🥰 her rører du berre sammen i bakebolla, veldig enkel og saftig kake.

  • 0’5 dl finesse bakesukker
  • 3 egg
  • 3 ts Sukkr vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts natron
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 1,5 dl smelta Melange blå
  • 2,5 dl surmelk
  • 250 gr Bringebær
  • 4 bananer
  • Visp egg og sukker lett sammen med ein håndvisp. ha i surmelk og Melange . Bland inn mjøl,bakepulver , natron og vaniljesukker.
  • Strø 2 ss brunt sukrin sukker i forma og plasser bananene oppå. Del banana i passe deler.
  • Hell over røra
  • Strø til slutt over bringebær
  • Når kaka er ferdig så snur eg den oppnedd og du ser tydelig bananene. Kaka vart litt karamellisert av det brune sukkeret.
  • Server med fløyte eller is👏

Eg brukte ei rund form 24 cm

Steik kaka på 180 grader varmluft i ca 60 min.  Stikk med ein pinne, den er ferdig når det ikkje er røre på pinnen.

0 kommentarer

Siste innlegg