Kyllinggryte på rester fra ein heilgrilla kylling gav ein nydelig røyksmak på gryta. Den gryta er superrask å lage. Du har middag på ca 20 min.
- 300 gr grilla kylling
- kylling
- 1 kinesisk Kvitløk
- 1 Sjarlottløk
- 1 Paprika
- 1 Vårløk
- 2 ss Creme fresh
- 8 dl vatn
- 2 dl sky/ smørblanding som hadde rent av kyllingen under steiking
- Kyllingkrydder
- 2 ss kveitemjøl
- Sitron
Skjær opp alle grønsakene og løken. Svi løk og kvitløk litt i panna og legg på eit fat, vårløk paprika skal i på slutten.
Ha skyen/ fettet fra grillinga i ei gryte og smelt denne. Ha i 2 ss kveitemjøl, spe med vatn til passe konsistens. Det skal være ca 8 dl vatn. Skyen er god på smak og gir ein deilig røyksmak på gryta. Ha løken oppi sausen og la det koke i 10 min. Ha oppi finkutta kylling og vårløk, paprika. Kok videre i 5 min. Ha i creme fresh til slutt og smak til med kyllingkrydder og sitron, gi det eit lite oppkok så er det klart til servering.
Her finnet du oppskrift på kyllingen👇
https://lailasmat.blogg.no/heilgrilla-kylling-pa-rotisseri.html
TIPS:
Dersom du ikkje har rester slik eg hadde så kan kan du bruke kyllingfilet.
Skjær kyllingen i biter og krydre med salt, pepper, løkpulver og røkt paprika. Legg til side når det er steikt. Då kan du bruke det du har steikt kyllingen i som base for gryta.