Når barnebarnet mitt ville ha makroner til 17 mai Ja då prøver besto å overvinne skrekken for makroner
Eg har brukt Sverre Sætre si oppskrift på makroner.
Mange fyll til makroner er med smør og det er ikkje eg så veldig glad i så her er fylla uten smør og med ferske bær, dette vart friskt og godt
- 130 gr mandelmjøl
- 170 gr melis
- 80 gr sukker
- 100 gr eggekviter
- Bland melis og mandelmjøl i ein foodprocessor til eit fint mjøl. Sikt mjølet slik at det er heilt fritt for klumper.
- Pisk eggekviter og sukker til marengs og vend inn mandelmjølet med ein slikkepott.
- Røra skal ikkje være tjukk, da vil den ikkje renne fint utover. Er røra for tjukk så rør litt meir i den så blir den tynnere
- Ha røra i ein sprøytepose. Sprøyt ut små rundinger på eit silikonmatte eller bakepapir. Ha litt mellomrom mellom makronene, dei sklir litt ut.
- Når brettet er fullt så dunker du det litt i benken slik at makronene faller litt utover og blir glatte.
- La dei tørke i 30 min
- Steik på 130 grader 15-20 min
- Avkjøl makronene på brettet.
Fyll
Bringebærfyll
- 100 gr bringebær
- 75 gr sukker
- 2 ts sitronsaft
- 1,5 ts gelatinpulver
- Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
- Mos sammen bringebær, sukker og sitron
- Ha blandingen i ein kjele og kok opp
- La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
- Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
- Rør godt og sett til avkjøling
Bjørnebærfyll
- 100 gr bjørnebær
- 75 gr sukker
- 2 ts sitronsaft
- 1,5 ts gelatinpulver
- Rør gelatinpulver ut i 1 1/2 ss lunken vatn og la det stå og svelle litt
- Mos sammen bjørnebær, sukker og sitron
- Ha blandingen i ein kjele og kok opp
- La blandingen koke eit par minutter slik at noe av vatnet fordamper
- Ta kjelen av plata og tilsett gelatinen
- Rør godt og sett til avkjøling
Dersom du lager fleire fyll så reduser mengden, det er nok med 100 gr bær til denne oppskrifta. eg lagde for mykje
Tips
Du kan farge makronene med gelefarge, pulverfarge eller frysetørre bringebær eller kakao.
2 kommentarer
Tusen takk for inspirasjonen
Disse skal eg og laga til barnebarna mine ein gong