Blåbærkake (glutenfri)

Blåbærkake er deilig det. Denne vart veldig saftig og supergod🤩For å lage denne kaka trenger du ikkje kjøkkenmaskin. Du rører alt i sammen, opp i forma og inn i ovnen. Den enkleste kaka du kan tenke deg🤩💝🥰Denne kaka har eg laget fleire gonger før med vanlig mjøl, men no har eg gjort den glutenfri, den er like god da og👍Eg brukte frosne blåbær og det gjorde at kaka tok litt farge. Synest ikkje det gjer noko eg, men du kan og bruke amerikanske blåbær da får du ei lysare kake🤩

  • 2 dl sukker
  • 5 egg
  • 1 ss vaniljesukker
  • 2 ts bakepulver
  • 5 dl glutenfritt lyst mjøl
  • 250 GR smelta Melange blå
  • 5 dl youghurt naturell
  • 400 GR frosne blåbær eller amerikanske.

Visp egg og sukker lett sammen med ein håndvisp. ha i youghurt og Melange . Bland inn mjøl,bakepulver  og vaniljesukker. til slutt vender du forsiktig inn blåbæra.

ha røra i ei lita langpanne kledt med bakepapir. Strø på perlesukker.

Steik kaka på 180 grader varmluft i ca 30 min.

0 kommentarer

Siste innlegg