Bladkrans/kringle er alltid godt. Eg lagde ei kringle, men ser at den vart gigantisk så kunne godt vert delt i to. Eg steikte den i 50 min, men dersom du lager to stk kan du redusere steiketida.
Søt gjærdeig
- 4 egg
- 150 gr sukker
- 200 gr melange blått
- 5 dl melk laktosefri
- 50 gr gjær
- 1 ts kardemomme
- 1/2 ts salt
- 2 l kveitemjøl
- Visp eggedosis av egg og sukker. Bland i den varme melka og ha i det tørre litt etter litt. ha i smøret i terninger og elt i 10-15 min etter at smøret er blanda i mjølet.
- Forhev 45 min
Fyll
- 100 gr mjukt smør/melange laktosefritt
- 3 ss Sukker
- 3 ss Kanel
- 100 gr Rosiner, eltes inn før du baker rektangel
- Bak ut ein rektangel og ha på mjukt smør, sukker og kanel. Rull ei pølse og lag ein krans. Klipp hakk i kransen og legg dei ei til kvar side så du får eit fint mønster. Du får 1 stor krans av denne deigen.
- Etterhev 45 min, pensle med egg og ha på perlesukker
- steik på 200 grader i 50 min
0 kommentarer