Enkel pølsegryte

Pølsegryte til middag er både enkelt og godt. Her har eg brukt ei gryte som eg lager heile middagen i. Då er det ferdig middag uten mykje innsats, og lite oppvask😁

Dette er nok til 4 personer 2 voksne og to barn. Du kan lett få denne til å rekke til mange fleire. Tilsett berre meir pasta, og eventuelt litt frosne grønsaker.

  • 1 pk grillpølser, eller dei pølsene du ønsker
  • 8 dl Kjøttkraft/buljong
  • 1 glass tomatpuré
  • 2 ts brunt sukker
  • Ca 80-100 gr Pasta(vermicelli) desse var kutta opp i små biter og passer veldig fint i gryter då dei trenger kort koketid
  • 1 løk
  • 1 spisspaprika
  • 1 kinesisk kvitløk
  • Vårløk,2-3 stilker
  • 2 ss fetaost
  • Salt
  • Pepper
  • Chilliflakes ca 1 ts
  • 1-2 ss maizena og 1 dl vatn til å jevne gryta med.

Kutt opp pølser og alle grønsakene.

Ha litt smør/olje i gryta og ha oppi pølser, løk og kvitløk og steik til pølsene er gyldne.

Ha oppi tomatpuré og steik i 5 min. Tilsett sukker, paprika og kjøttkrafta. Smak til med salt, pepper og chilliflakes. Tilsett fetaost.

Når gryta har småkokt i 10-15 min tilsetter du pasta og vårløk og koker til pastaen er passe kokt dette tar ca 5 min. Jevn med maizena til du får gryta passe tjukk, bruk ca 1 dl vatn og 1-2 ss maizena😁

Server med godt brød og ein deilig salat🤩

0 kommentarer

Siste innlegg