Eplekake er enkel og god kaffekos. I dag hadde eg nokre epler som skulle vert brukt opp. De var litt skrukkete på skallet, men elles så smakte dei godt.😍I dag laga eg kaka i ei rund form på 26 cm🥰
- 200 gr Melange
- 2 dl sukker
- 4 egg
- 2 ts vaniljesukker
- 1 1/2 ts bakepulver
- 4 dl Kveitemjøl
Visp smør og sukker kvitt. Ha i 1 egg om gongen. Bland det tørre i deigen.
Ha eit lag røre i den smurte forma legg så eit lag med epler. Ha på resten av røra og eit nytt lag med epler. Strø over perlesukker før steiking
Epleblanding
- 6 epler
- 3 ss Brunt sukker
- 2-3 ts Kanel
Kutt opp eplene i tynne skiver og legg i ei skål. Ha på sukker og kanel
Steik kaka på nest nederste rille på 180 grader i 1 time
Server gjerne med is eller fløyte.
0 kommentarer