Dersom du har fiken igjen etter jul. Ikkje fortvil🥰 Desse kan du lage deilig fikenmarmelade av. Desse kan lages uten å tilsette sukker. Mi oppskrift er med litt tilsatt sukker.
- 600 gr fiken
- 4 dl av bløytevatnet
- 1 sitron safta
- 1 kanelstang
- 1 stjerneanis
- 200 gr sukker
Legg fiken i vatn natta over.
Kutt opp i små biter og tilsett vatn, sitron, stjerneanis og kanelstang.
Kok opp og la dei småkoke i 35 min.
Tilsett sukker og kok videre til du får ein fyldig marmelade der fiken dett frå kvarandre. Dette tar litt tid👍
0 kommentarer