Rundstykker er alltid ein slager på koldtbordet både lyse og grove er godt. Desse laget eg veldig mykje på 80 talet
har gjort nokon små endringer, men like gode er dei. Her er det lyse rundstykker. Laget til 40 års feiring av dotter mi
Vart 23 stk, ca 85 gr pr stk
Ingredienser:
- 1 kg kveitemjøl
- 100 gr smør/Melange
- 4 dl melk
- 3 dl vatn
- 1 egg
- 2 ts salt
- 2 ts sukker
- 50 gr gjær, fersk eller tørr. Eg bruker tørr
- Varm melka og ha i vatn. Slå det over i bolla til kjøkkenmaskinen.
- Når veska er 37 grader blander du inn egget og det tørre. Hold av litt mjøl.
- Kutt opp smøret i terninger og ha i ein og ein terning mens maskinen går.
- La deigen elte i 15 min. Deigen skal være smidig, men ikkje klissete. Fyll på med mjøl til deigen er mjuk og god å jobbe med
- Hev deigen til dobbel størrelse
- Sett ovnen på 180 grader varmluft
- Trill ut rundstykker og legg på eit brett.
- Hev i ca 30-40 min. Pensle med egg og ha på valmuefrø.
- Steik til rundstykkene er gylnde dette tar ca 15 min
0 kommentarer