Fløytekake

 

Fløytekake er ikkje ofte eg lager. Eg brukte eit halvt sukkerbrød. Steikte det i to former, den andre halve vart brukt til ice suprise😀

  • 1 sukkerbrød
  • 6/9 dl Fløyte
  • 1 ts vaniljesukker
  • 4 ss sukket
  • 150 gr frosne Bringebær
  • 1 dl Melk til dynking

Sukkerbrød

  • 5 egg
  • 150 gr sukker
  • 2 ts bakepulver
  • 150 gr Kveitemjøl

Skill eggeplommer og eggekviter i kvar si skål.

Visp eggedosis av sukker og eggeplommer.

Bland forsiktig inn kveitemjøl og bakepulver.

Til slutt vender du inn eggekvitene.

160 grader

30 til 40 min nederst i ovnen

26 cm form, del røra i to/tre former

Montering av kaka

  • legg ein av botnane på eit fat.
  • Dynk med melk på alle botnane
  • Ha på bringebærsyltetøy
  • Ha på fløyte
  • Knus bringebær over fløyten
  • Dersom du bruker tre botner har du på syltetøy, fløyte og bær igjen.
  • Smør fløyte over kaka og pynt med resten av fløyten.
  • Pynt kaka med bær eller snop slik eg gjorde her.(hadde ikkje bær til å pynte med)

 

0 kommentarer

Siste innlegg