Glutenfrie halvgrove scones

Glutenfrie scones. Desse laget eg til ei lagsamling på jobben min. Det er ei av mine kollegaer som ikkje tåler gluten. Desse vart veldig saftige og gode👍

  • 4 dl grovt glutenfritt mel
  • 4 dl fint glutenfritt mel
  • 100 gr smør
  • 2 dl vaniljekesam
  • 2 dl melk
  • 1 ss honning
  • 3 ts bakepulver
  • 1/4 ts salt
  • 200 gr sjokolade
  1. Bland alt det tørre i bakebolla.
  2. Smuldre inn smøret og bland inn veska.
  3. Til slutt blander du inn forsiktig inn sjokolade
  4. Sett ovnen på 225 grader og steik de midt i ovnen i ca 10-15 min
  5. Fordel deigen på eit bakepapir, bruk ei spiseskei til å fordele røra.
  6. Server dei litt varme med ein dasj med vaniljekesam🤩
0 kommentarer

Siste innlegg