Grilla kjelår

Kje er eit kjøtt eg aldri har prøvd før. Fekk tak i eit lår og litt kjøtt som eg kan bruke til frikkase. Her har eg grilla låret og det vart utrulig saftig og godt 👍💝

  • 1 lår av kje, var ca 1,5 kg
  • 2 store sharlottløk
  • 1 stor gul løk
  • 1-2 dl vatn

Kutt opp løk og legg kjøttet oppå. Slå på litt vatn

Marinade

  • 1-2 dl Olje
  • 1-2 ss Bladpersille
  • 1-2 ss Basilikum
  • 1-2 ss Rosmarin
  • 1 ts kvitløkspulver
  • 1 ts løkpulver
  • 2 ss smoked paprika
  • 1 ss salt

Bland sammen urter, krydder og ha det i olja.

Smør inn kjøttet og legg på på grillen på inndirekte varme. Ca 70-100 grader. Hadde og ein røykboks med flis berekna på kjøtt.

Kjøttet låg i 4 timer på lav temperatur.

Skrudde opp temperaturen på slutten. Så grilla eg litt mais, pølser og biff👍

Serverte med ramsløkpesto, bakt potet, grilla mais og kvitløksdressing

0 kommentarer

Siste innlegg