Grove tebriks

 

 

Grove tebriks med litt havregryn og frø. Det er så deilig eg berre elsker gjærbakst av alle slag 🥰

  • 5 dl vatn+ 2 dl til å legge frøa i vatn i.
  • 1ts for langheving 1 pk gjær for rask heving
  • 1 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 1  dl olje
  • 120 gr samalt grovt mjøl
  • 70 gr havregryn
  • Ca 4-500 gr kveitemjøl
  • 1/2 dl solsikkefrø
  • 1/2 dl linfrø
  • 1/2 dl sesamfrø
  • 100 gr smør/margarin til å smøre på tebriksa

Legg frøa i vatn i 2 dl med vatn som er lunken i ca 30 min

Varm vatnet til 37 grader

Ha i gjær,bakepulver, salt og olje.

Har i det grove mjølet og blandinga med frø. Spe med fint mjøl til du får ein deig som slepp bolla.

Hev i ca 1 time når du bruker 1 pk gjær. Ved 1 ts så hever du til dobbel størrelse. Eg bruker heveprogrammet i ovnen min.

Kjevle ut ein avlang deig og smør smør på 2/3 av deigen og brett saman. Skjer opp passe leiver og etterhev i ca 1 time.

Etterhev i ca 1 time.

Sett ovnen 180 grader varmluft, eg bruker og litt damp når eg steiker då eg har kombiovn. Vil du ha litt damp så hiv inn ein kopp vatn flr steiking.

Pensle tebriksa med egg og steik i 12-15

 

0 kommentarer

Siste innlegg