Lailas gode kalkun

Kalkun står nok på bordet hos mange på nyttårsafta. Eg hadde tenkt å kjøpe eit kalkunbryst  siden me berre er to stk.  Men dei hadde berre marinerte så det vart ein heil kalkun på oss. Her blir det mykje rester som eg kan bruke til salater, smørbrød og gryteretter 👍💝

  • Ca 4,5 kg kalkun
  • 100-200 gr smør
  • Ta opp kalkunen fra fryseren 3 dager før du skal steike den. Eller om du har fersk legger du den i lake dagen før steiking
  • På dag to koker du lake og legger kalkunen i natta over.
  • Ta kalkunen ut av laken den dagen du skal bruke den og tørk av kalkunen
  • Lag ei lomme i skinnet til å putte inn litt stuffing og kaldt smør
  • Putt stuffing inni kalkunen og bitt opp beina
  • Pensle med kryddersmør på utsida

I steikeforma

1 stangselleri

1 kinesisk kvitløk

2 gulrot

10 cm purreløk

1 ts buljongpulver

1 l vatn

Kutt opp grønsaker og legg kalkunen oppå. Ha på vatn når du har satt den i ovnen.

  • Sett i ovnen på 240 gr i 45 min
  • Sett ovnen ned på 120 grader og steik til kalkunen når 70 grader
  • La kalkunen kvile minst 20 min etter at du har tatt den ut av ovnen

Lake

  • vatn og salt 5 l vatn og 5 dl salt
  • 3 ss Heil pepper
  • 5 Lauberblad
  • 1 ts chilliflakes
  • 1 Løk
  • 1 Klementin
  • 1 appelsin

Saus

  • innmaten som du finner inni kalkunen
  • Løk
  • Gulrot
  • Selleristang

Ta innmaten ut og kutt opp grønsakene. Svi dei litt i panna før du har på vatn. Kok i to timer.

  • 2 ss smør
  • 2 ss mjøl
  • 8-10 dl kraft

Brun smør og mjøl til det er brunt.

Spe me krafta og steikesjyen, smak til med salt og pepper.

Til slutt har du oppi ein liten fløyteskvett, ca 1 dl og kok opp.

Kryddersmør

  • 150 gr smør
  • 1 ss salt
  • 3 ts pepper
  • 2 ss paprika

Stuffing

  • 2 epler
  • 1 gul løk
  • 2 klementin
  • 1 kvitløk
  • 3 ss kryddersmøret

Kutt opp epler og løk og bland inn smøret med krydder.

Waldorfsalat

https://lailasmat.blogg.no/waldorfsalat-ala-laila.html

Kok gulrøtter, poteter, rosenkål eller andre grønsaker du måtte ønska. Eg har og god saus og min waldorfsalat uten fløyte.

 

0 kommentarer

Siste innlegg