Mandelstenger

 

Mandelstenger er veeeeldig godt. Har aldri laget dette sjølv. Skal no prøve om eg får det til. Har sett andre har gjort det og lager her min versjon.

  • 500 gr marsipan
  • 360 gr mandelmjøl
  • 240 gr melis
  • 4 eggekviter

Bland alt godt saman og la det kvile 40 min i kjøleskapet. Den kan og stå natta over.

Eg brukte foodprosessor. Hald litt igjen på eggekvitene slik at deigen ikkje blir for mjuk.

Form stenger som du pensler med eggekviter og ruller i mandelspon.

Steik på 175 grader i 12-15 min.

  • 2 ss Delfiafett
  • 1,5 plate med Dronningsjokolade

Når kakene er kalde smelt sjokolade og dupp endene i smelta sjokolade.

Oppbevares i tett boks i fryseren

0 kommentarer

Siste innlegg