Matpakkebrød

 

Har lenge tenkt på å lage meg nokre deilige matpakkebrød. Det blir med som niste til jobben. Eg laget desse med mest lyst kveitemjøl og litt grovt mjøl. Dei vart perfekte 😍

  • 1,5l kveitemjøl
  • 0,5l grovt mhøl
  • 1 ts farin
  • 2 ts salt
  • 1 ts bakepulver
  • 4 dl melk
  • 2 dl vatn
  • 1 ts gjær til langheving eller 1 pk til kortare heving
  • 2 egg til deigen
  • 1 egg til pensling
  • 4 ss mjukt smør til å smøre på matpakkebrøda

Ha lunken melk og vatn i bakebolla og tilsett gjær. La det stå å 5 min slik at gjæren får begynne å virke. Tilsett salt, sukker og egga og bland godt. Så sper du med mjølet litt og litt til du får ein smidig deig. Kjør gjerne maskinen i 10-15

Hev til dobbel størrelse, ca ein time med mykje gjær elles tar det litt lenger tid. Eg bruker heveprogrammet på ovnen min.

Del deigen opp i 20 emner. Rull dei ut som ved rundstykker. Klem dei flate og kjevle til du får ein rund leiv. Smø på smøre og brett sammen.

Pensle med egg og har på frø.

Sett ovnen på 250 grader og skru ned til 220 når du set inn matpakkebrøda.

Eg bruker litt damp når eg steiker dei.

Dersom du ikkje har dampovn, hiv inn ein kopp med vatn når du set inn brettet.

Steik ca 12-14min

0 kommentarer

Siste innlegg