Melkefrie karameller

 

 

Melkefrie karameller. Dette er eit godt alternativ til dei som ikkje tåler melk. Dei vart kjempegode på smak. Eg kokte dei litt for lenge så dei vart litt hardare enn det eg hadde tenkt 😂😀

  • 3 dl fløyte, eg brukte Gryr kokos raps fløyte
  • 3 dl lys sirup
  • 3 dl sukker
  • 3 ss smør, eg brukte melkefri Melange

Kok opp fløyte, sirup og sukker. La det småkoke til du når 117 til 120 grader på sukkertermometeret. Då får du mjuke karameller. Anbefaler 120 

Tilsett smøret når du har nådd den temperaturen du ønsker. Dersom du ikkje har termometer kan du ta dråpetesten. Hell ein dråpe karamell oppi vatn og dersom den holder formen er den ferdig.

Eg hadde karamellen i konfektformer, men du kan og ha dei i ei form og skjære dei opp etter at dei er stivna.

Pakk dei inn i matpakkepapir og oppbevar i kjøleskapet eller på benken.

0 kommentarer

Siste innlegg