Fløytekarameller(laktosefri)
Karameller er deilig det. Eg har her prøvd å lage karameller som er mjuke. Dersom du vil ha mjuke karameller tar du dei på 117 til 120 grader men dersom du vil ha dei hardere øker du temperaturen på dei til 122-124 grader.
- 3 dl fløyte
- 3 dl lys sirup
- 3 dl sukker
- 3 ss smør(laktosefritt)
Kok opp fløyte, sirup og sukker. La det småkoke til du når 117 til 120 grader på sukkertermometeret. Då får du mjuke karameller. Anbefaler 120
Tilsett smøret når du har nådd den temperaturen du ønsker. Dersom du ikkje har termometer kan du ta dråpetesten. Hell ein dråpe karamell oppi vatn og dersom den holder formen er den ferdig.
Eg hadde karamellen i konfektformer, men du kan og ha dei i ei form og skjære dei opp etter at dei er stivna.
Pakk dei inn i selofan og oppbevar i kjøleskapet.
0 kommentarer