Er du glad i scampi er dette ein rett som tar seg godt ut på eit koldtbord, som forrett. Når eg laga desse var det som kanapeer til eit brullaup for ein god kollega.
SCAMPI
- 1 pk rå scampi
- 1 ss ingefær(rå)
- 1 ts chilliflak
- 1 kinesisk kvitløk
- 1 ss fersk koriander
- 3 ss olje
- 1 lime skal og saft, husk vask den godt
Rens rekene bland sammen resten av ingrediensene og ha rekene oppi oljeblandinga og la stå 1/2 time. stek raskt i wok til rekene skifter farge
SALATBLANDING
- 1/2 agurk finkutta
- 1/2 vårløk, finkutta
- 1/2 rød paprika, finkutta
REKECHIPS
steik rekechipsen i olje. Legg dei på papir så olja får renne av.
Legg rekechipsen på eit fat og ha på salat og ei reke på kvar chips. server gjerne med kvitløksdressing eller sweet chilisaus
0 kommentarer